Tips til «grønare» Halloween-feiring

Kva med å laga dekorasjonar eller kostyme sjølv? Det kan bli ein kjekk familieaktivitet! (Illustrasjonsfoto: Colourbox).

Kva med å laga dekorasjonar eller kostyme sjølv? Det kan bli ein kjekk familieaktivitet! (Illustrasjonsfoto: Colourbox).

Organisasjonen Framtiden i våre hender kjem med seks tips til korleis du kan ha eit miljøfokus på Halloween-feiringa.

DEL

Framtiden i våre hender er ein ideell organisasjon som jobbar for eit grønt forbruk og ei rettferdig fordeling av verda sine ressursar. Feiringa av Halloween har tatt av i Norge, og vi kjøper rundt 200.000 graskar og bruker rundt 250 millionar kroner på å gjera det skummelt for kvarandre. Her er organisasjonen sine tips som ikkje skremmer vatnet av planeten også:

1. Redd graskaret! Innmaten i graskaret er næringsrikt og kan brukast til ei heil rekkje velsmakande rettar. Frøa kan bli snacks til festen, ved at du saltar og brunar dei lett i ei panne. Innmaten kan brukast i ei suppe (sjå oppskrift) eller ein pai. Sjekk på nett for fleire oppskrifter.

2. Kutt ut skummel plast. Dekorasjon, kostyme og masker av plast kan innehalda mange forskjellige miljø- og helsefarlege stoff. Finn helst skumle ting og klede i naturmateriale, som bomull, bivoks, gips, tre og papir med meir. Bruk ting du allereie har på nye måtar, og ta vare på dekorasjonane slik at du kan bruke dei på nytt neste år.

3. Arranger Halloween-dugnad! Sjølvlaga blir ofte best. Lag dekora-sjonar, masker og kostyme sjølv. Slitte laken, papirmaché, gamle klede, miljøvennlig maling med meir kan gjera festen og feiringa unikt skummel. Nettsida Pinterest har all inspirasjonen du treng, og litt til.... Eit raskt søk på nettet gir deg oppskriftene. Kva med å utfordre festgjestene til å laga kostyma sine sjølv?

4. Bytt kostyme. Ta godt vare på kostyma. Å bytta kostyme med na-boar, skulekameratar eller andre er ein god måte å spara miljøet for produksjonen av nye ting.

5. Kjem det barn på døra? Unngå snopet med mest unødvendig plastemballasje. Unngå også snop med palmeolje, som bidrar til avskoging og rasering av verdifulle våtmarksområde. Sats på snop som er merka økologisk eller «fairtrade». Eller kva med å lage noko godt sjølv?

6. Miljøvennlege lys. Kjøp svanemerka stearinlys, så unngår du palmeolje og er sikra at minst 90 prosent av lyset er laga av fornybare råvarer. Erstatt stearinlysa med LED-lys i lykter og dekorasjonar der det passar.

GRASKARSUPPE: Kva med å laga ei herleg graskarsuppe? Dette er oppskrifta til Lise Finckenhagen.

GRASKARSUPPE: Kva med å laga ei herleg graskarsuppe? Dette er oppskrifta til Lise Finckenhagen.


Graskarsuppe med ingefær, chili og kokos

av Lise Finckenhagen

(4 porsjonar)

Du treng:

800 g graskarkjøt (ferdig reinsa for skal og frø)

2 mellomstore søtpoteter, kan sløyfast

1 liten løk

1 ss riven, frisk ingefær

2-3 fedd kvitløk

1/2–1 raud chili

1 sitrongras, kan sløyfast

1 liter mild kyllingkraft/buljong eller grønsaksbuljong

2 dl kokosmjølk

nøytral olje

salt og kverna pepar

1 lime

Til servering:

frisk koriander og godt brød

Slik gjer du:

– Skjer graskarkjøtet i terningar. Skrell og skjær søtpotetene i små bitar. Hakk løk, kvitløk og chili (fjern eventuelt frøa viss du vil ha ein mildare chilismak). Fjern dei ytste harde blada på sitrongraset og finsnitt resten.

– Varm ein god klunk olje i ein mellomstor kasserolle eller gryte. Fres løken til den begynner å bli mjuk utan at den får farge. Tilsett ingefær, chili, kvitløk og sitrongras. Fres vidare i eit par minutt under omrøring. Ha i graskar og søtpotet og fres vidare i eit minutt. Hell over kraft/buljong. Kok opp og la det heile småkoka til grønsakene er heilt møre, rundt 30 minutt.

– Kjør suppa glatt og jamn med ein stavmiksar eller i ein hurtigmiksar. Sil suppa om ønskeleg og tilset kokosmjølka. Gi suppa eit nytt oppkok og smak til med limesaft, salt og kverna pepar.

Server suppa med frisk koriander og godt brød.


Artikkeltags