Dette går fram av ei pressemelding frå bedrifta i Høylandsbygd. Til samanlikning var årsomsetnaden i 2019 på 89 millionar kroner, i 2020 vart det rekordomsetnad med 151 millionar.

Årsresultatet for 2020 var på åtte millionar kroner, og i pressemeldinga blir det opplyst at den positive trenden held fram, og 2021 ser ut til å gi om lag same fine resultat.

«Årsaka til den høge aktiviteten i første kvartal i år skuldast i hovudsak to større parallelle prosjekt som begge starta i november/desember 2021, og blei fullførte i mars/april 2022», blir det forklart i pressemeldinga.

Det største prosjektet var ei stor ombygging av «Normand Clipper» for Solstad Offshore AS. Skipet vart bygd om frå konstruksjonsskip til kabelleggar. Fartøyet er på ein langtidskontrakt for Global Marine i England, og skal brukast på større kabelleggingskontraktar over heile verda. 8. april forlét «Normand Clipper» Høylandsbygd og sette kursen for Global Marine sin base i Blyth for å få på plass utstyr og materiell for neste oppdrag, blir det opplyst i pressemeldinga.

Samtidig med arbeidet med «Normand Clipper», utførte Halsnøy Dokk også ein større jobb på «Viking Wind Power» for Eidesvik Offshore. Dette skipet driv service på vindturbinar, og låg i dokken frå 6. februar til 15. mars. Vidare til kai fram til 22. mars.

Dette var det femte skipet på rad Halsnøy Dokk dokka for Eidesvik, og tre av desse vart oppgraderte med hybridinstallasjon/batteripakke, i tillegg til ordinær klassing (store skip sin EU-kontroll, red. mrk.). Dei to andre skipa med hybrid installasjon var «Viking Prince» og «Viking Lady», og desse arbeida vart gjennomførte i perioden desember 2021 til januar 2022.

«Prosjekta med «Normand Clipper» og «Viking Wind Power» har vore prega av eit særs godt samarbeid mellom reiarlag, klientar og underleverandørar, og dette er av dei viktigaste faktorane for at vi klarte å levera til avtalt tid og til avtalt pris», skriv administrerande direktør i Halsnøy Dokk, Frode Grønstøl, til slutt i pressemeldinga.