Fekk 500.000 til restaureringa av kabelskipet «Lete»

OVERREKKING: Dagleg leiar i Halsnøy historiske senter, Johannes Eide (nummer to frå venstre), har fått tildelingsbrevet og tar direktøren for Norsk Kulturminnefond, Simen Bjørgen, i neven. Til venstre generalsekretær i Norsk forening for fartøyvern, Hedda Lombardo, og heilt til høgre styreleiar i Halsnøy historiske senter, Per Ove Kviteberg.

OVERREKKING: Dagleg leiar i Halsnøy historiske senter, Johannes Eide (nummer to frå venstre), har fått tildelingsbrevet og tar direktøren for Norsk Kulturminnefond, Simen Bjørgen, i neven. Til venstre generalsekretær i Norsk forening for fartøyvern, Hedda Lombardo, og heilt til høgre styreleiar i Halsnøy historiske senter, Per Ove Kviteberg. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Onsdag føremiddag overrekte Norsk Kulturminnefond 500.000 kroner i støtte til Halsnøy historiske senter sine planar om å restaurera kabelskipet «Lete».

DEL

Det var direktøren for kulturminnefondet sjølv, Simen Bjørgen, som overrekte gåvebrevet til dagleg leiar i Halsnøy historiske senter, Johannes Eide, og styreleiar Per Ove Kviteberg. Overrekkinga skjedde utanfor hallen der «Lete» ligg lagra i Hillestadvågen i Høylandsbygd.

I samband med overrekkinga arrangerte eldsjelene i Halsnøy historiske senter ein rikhaldig kulturminnedag som starta heime hos Johannes Eide i Høylandsbygd. Der fekk om lag 25 interesserte sjå den omfattande steinsamlinga til Eide, og sjølvsagt dei spektakulære veggmaleria som fortel mykje lokal maritim historie.

Følgjet flytta seg vidare bort til hallane der Eide og andre båtentusiastar har lagra mange prosjekt. Her vanka det vakker saksofonmusikk ved Audun Tvedten i hallen der jakta «Oline» ligg lagra. Eit anna verneverdig skip som ligg under tak i dette området, er altså kabelskipet «Lete». Det har faktisk ikkje lokal tilknyting, anna enn at då Televerket fekk bygd ein etterfølgjar i 1969, var det i Høylandsbygd det skjedde. Men «Lete», bygd i Drammen i 1947, har såpass historisk verdi at Riksantikvaren meiner fartøyet kan få status som verna skip. Eide overtok kabelskipet for åtte år sidan, slepte skuta til Høylandsbygd og sette den under tak.


Sjeldan fartøy

Kulturminnefonddirektøren sa det slik:

– «Lete» vart bygd for å delta i arbeidet med å gjenoppbygga Televerket sin infrastruktur i Finnmark etter andre verdskrig. Denne type fartøy er det ikkje mange av, og det er dermed ekstra viktig å ta vare på «Lete». Derfor har styret i kulturminnefondet vedtatt å gå inn med 500.000 kroner til restaureringsarbeidet.

Dermed var tida komen for å overrekkja det gule dokumentet som eit bevis på tildelinga.

– Det er kjekt å koma hit med ein «skilling» – «Lete» har svært høg kulturminneverdi. Gult ark betyr tildeling, raudt betyr avslag, forklarte direktøren smilande.

– Du er velkomen hit med fleire slike gule brev, kvitterte Eide muntert.

Bjørgen understreka at trenden med vern gjennom bruk no er gjennomgangsmelodien.

– Vi ønskjer å sjå «Lete» på sjøen igjen ein gong. Kulturminne får størst verdi om dei får liv gjennom bruk. Vi ønskjer ein god og tett dialog med eigarane, og har som mål å vera langsiktige, sa Bjørgen.


Fritt fram for søknader

Direktøren forklarte at kulturminnefondet støttar private, organisasjonar eller selskap som også sjølve må bidra med midlar prosjekta. Han opplyste at det er fritt fram å søkja, noko representantar frå Opsangervågen Kystlag noterte seg.

Kulturminnefonddirektøren var elles tydeleg imponert over kva Halsnøy historiske senter og primus motor Johannes Eide har fått i stand av ulike samlingar.


Kostbart prosjekt

Pengane frå kulturminnefondet kjem godt med i «Lete»-prosjektet, for Eide opplyste at heile restaureringsprosjektet er stipulert til å kosta rundt seks millionar kroner.

– Men kulturminnefondet sitt bidrag vil truleg bana veg i det vidare arbeidet med å skaffa finansiering – dei er gode å ha med på laget. Vi håpar å få skipet i stand ein dag – tusen takk, sa ein takksam Eide til Bjørgen.

Etter overrekkinga kvitterte Kviteberg med at prosjektet no må arbeida vidare med finansiering.

– Dette er den første store løyvinga til restaureringa av «Lete». No må vi jobba vidare med å skaffa meir finansiering, og eg trur òg me må sjå oss om etter ein samarbeidspartner og hovudsponsor.



M/S«Lete»

(Tidlegare M/S «Nordkabel», seinare «Tele 5»)

Byggjeår: 1947

Verft: Standard Båtbyggeri, Drammen.

Båttype: Kabelskip

Lengd: 80 fot

Motor: 3AB Wichmann.

Seinare bruk: Frå 1980 eigd av Bergen Dykkerklubb og fekk då namnet «Lete». Frå 1990 eigd av Arne Holestad, i 2010 overtok Halsnøy historiske senter med tanke på vern.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags