Klubbhusbygging i rute

KLUBBHUS: Slik såg det ut søndag 16. desember. (Foto: David Sjo).

KLUBBHUS: Slik såg det ut søndag 16. desember. (Foto: David Sjo).

DEL

Storstova til IL Halsnøy si fotballgruppe har tatt form, like ved Halsnøy Kunstgrasbane. Ifølgje leiar i fotballgruppa, Richard Erlandsen, er det gjort svært mykje arbeid dei to siste månadane.

– Huset er tett og isolert – no er det vegger og himlingar det skal jobbast med, seier Ricardsen.

– Og kva tid står klubbhuset ferdig?

– Vi har som overordna mål å vera ferdige til konfirmasjonane til våren – , i alle fall med hovudetasjen. Der har vi alt booka inn bestillingar, så det skal vi klara, lovar fotballgruppeleiaren.

Klubbhuset skal ha tre etasjar på 200 kvadratmeter kvar. I underetasjen garderobar med utgang rett ut på banen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags