Helene Bøksle i Halsnøy kloster

Helene Bøksle han opplevast i Halsnøy kloster på søndag.

Helene Bøksle han opplevast i Halsnøy kloster på søndag. Foto:

Søndag 2. juni er det klart for den årvisse Klosterdagen. Bøksle avsluttar med intimkonserten «Ved havet».

DEL

Men før ein kjem så langt, har klosteret mykje spennande på programmet.

Dette er kva klosteret skriv i ei pressemelding om den innhaldsrike dagen:

«Denne dagen er det tradisjon å presentera eit program med ulike former for kunst -og kulturutrykk, samt aktivitetar for born og unge. Målgruppa er lokalbefolkninga i Sunnhordland generelt og Halsnøy spesielt, både store og små. Tilskipinga passar for alle.


Ny permanent utstilling

Dei siste åra har det jamt og trutt vore arbeidd med å laga ei permanent utstilling om historia til Halsnøy kloster. Bak-kjellaren har i denne tida blitt pussa opp, brønnen gjort rein og lyssett, og monter laga. Vi har òg vore så heldige å få låna nokre få av funna frå utgravingane på 60- og 70- talet. Desse er til vanleg oppbevarte på Bryggen museum i Bergen.

I tillegg til dei utlånte gjenstandane inneheld utstillinga mellom anna tilverka steinmateriale frå kyrkja som ein gong stod på staden, og tekstar og bilde. Utstillinga vil fungera som eit viktig element i formidlinga av historia til klosteret og har fått namnet «Halsnøy kloster – før og no».

I forkant av opninga vil Helge Pedersen, konservator ved Sunnhordland museum, halda eit føredrag om arbeidet med utstillinga. Utstillinga vert opna av varaordførar Hans Inge Myrvold.


Sommarutstilling

Sidan 2010 har Sunnhordland museum invitert internasjonale fotokunstnarar til tre vekers kunstnaropphald ved Halsnøy kloster.

Til no har 48 kunstnarar frå 23 land vore valde ut til slike opphald, og dette har gitt mange gode og spesielle opplevingar for både kunstnarane og halsnøybuen. I samband med utstillingar som kunstnarane har halde på klosteret i etterkant av opphaldet, har dei òg donert eit verk til museet si

samling. Dette gjev museet ein unik dokumentasjon av lokalsamfunnet på Halsnøy, samfunnet sin interaksjon med klosteret og Halsnøy kloster si rolle i vår tid.

Noko av filosofien bak kunstnaropphaldsprogrammet har vore å gjenoppta den kulturelle utvekslinga Halsnøy hadde med den store verda i klostertida. Slik munkane hadde sitt internasjonale kontakt- og handelsnett som gav oss dåtida sin kultur og verdiar, kjem no verda til Halsnøy, og Halsnøy syner att ute i verda. Bilde og videoverk som er laga på Halsnøy vert stadig viste på utstillingar mellom anna i London, Tokyo, Paris og New York.

Dette er ei internasjonal kulturutveksling ein ikkje har hatt i distriktet sidan mellomalderen. Denne utstillinga syner eit lite utval frå samlinga, og verka omhandlar alt frå seriøse tema som miljø og metafysikk, via natur, og vidare mot det reint estetiske og humoristiske. Nokre har òg arbeidd med utgangspunkt i andre av museet sine samlingar.

Kunstnaropphaldsprogrammet har vore mogeleg å gjennomføra på grunn av ei årviss støtte frå SKL.

Også sommarutstillinga vert opna av varaordføraren i Kvinnherad, Hans Inge Myrvold.


Steinarbeid i mellomalderen

I samband med den historiske utstillinga vil bygningsantikvar og «steinarbeidar» Mathies Ekelund Erlandsen frå Utstein kloster halda føredrag og demonstrera korleis ein arbeider med steinmateriale. Erlandsen tek verktøykassa si med til Halsnøy kloster for å arbeida som steinhoggar på Klosterdagen. Han demonstrerer forskjellige

arbeidsmetodar i kleberstein, i eit mindre format. Det vert høve for publikum til å spørje og søkja råd og rettleiing.

Kanskje kan ein også få prøva seg på å hogga og forarbeida kleberstein. Det er òg mogeleg å berre vera nyfiken og ha lyst til å vita meir om steinhoggarfaget og det å arbeida i stein.


Helene Bøksle «Ved havet»

I år er vi så heldige å kunna ynskja publikum velkomen til den intime sommarkonserten «Ved havet» med den kjende artisten og songaren Helene Bøksle. Bøksle er ei av Noregs leiande songarar, med ei stemme som trollbind og grip deg. Ho er oppvaksen blant fjord og fjell i sør-Norge, og musikken hennar er inspirert av det nordiske landskapet, kulturen og folkemusikken. Helene Bøksle nyttar den unike stemma si til å skapa musikk og sitt eige lydbilde.

Ho informerer om at ho har gjort ein litt spesiell og tilpassa vri på konserten i klosteret.

Venelaget for Halsnøy kloster stiller opp med personale som billettørar, kafédamer, utstillingsvakter og riggarar. Kafeen i gamlekjøkenet er open heile dagen. Vel møtt!».




Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags