Laga bollar og brød med ordføraren

BOLLAR OPP OG I MENTE: I forgrunnen vurderer ordføraren eit brett nysteikte skulebollar som snart skal pyntast med melis og kokos. I bakgrunnen ser me starten på prinsessebollane, og f.v. Mats Hansen Eide, Ada Irgens Normann, Kjell Cristian Johnsen, Sindre Alvær Sjo og Malin Sætre.

BOLLAR OPP OG I MENTE: I forgrunnen vurderer ordføraren eit brett nysteikte skulebollar som snart skal pyntast med melis og kokos. I bakgrunnen ser me starten på prinsessebollane, og f.v. Mats Hansen Eide, Ada Irgens Normann, Kjell Cristian Johnsen, Sindre Alvær Sjo og Malin Sætre.

Artikkelen er over 1 år gammel

Tysdag førre veke hadde 7. trinnet ved Halsnøy skule eit kjærkome avbrekk i skuledagen.

DEL

Det heile starta med at to jenter i klassen møtte Peder Sjo Slettebø på Sæbøvik for ei tid sidan. Dei snartenkte elevane spurde ordføraren om han ville baka bollar med klassen, og Peder svara ja. Tysdag var det ledig plass i ordførarkalenderen, og dermed vart det andre bollar for dei 21 sjuandeklassingane. Og dessutan grovbrød.

Kvinnheringen var innom skulekjøkenet då desse sju sjuandeklassingane hadde deig på fingrane og vaniljekrem i munnvikane (favorittbolle i parentes): Mats Hansen Eide (skillingsbolle), Linnea Eide (skulebolle), Kjell Cristian Johnsen (skulebolle), Sindre Alvær Sjo (skulebolle), Maria Karin Eide (skillingsbolle), Serine Bondhus (skulebolle) og Malin Sætre (skulebolle).

Toppbolla i både rådhus og kommunestyre, Peder Sjo Slettebø, set pris på å ta seg ein tur ut i det verkelege livet rundt om i kommunen i ny og ne:

– Det er kjekt å koma seg ut av rådhuset av og til, og dessutan er dette ein fin måte å koma i kontakt med skuleelevar på, smilte den tidlegare bakaren, medan han instruerte ei gruppe på sju elevar i brød- og bolle-faget.

Kontaktlærar Ada Irgens Normann var òg eit einaste smil:

– Peder er sporty som stiller opp. Klassen er delt i tre grupper, så bakinga blir eit triveleg, praktisk avbrekk i skuledagen. Éi gruppe om gongen er i aksjon i skulekjøkenet, medan dei to andre gruppene jobbar med skulefag.

Ada bidrog òg sterkt for å få bolletimeplanen til å gå opp: Ho hadde nemleg laga to deigar på førehand i god Ingrid Espelid-stil. I tillegg hadde Ada med eigen kjøkenmaskin til eltinga.

Dermed kunne ordføraren notera seg nokre manglar ved skulekjøkenet. I tillegg til den nemnde kjøkenmaskina, måtte ordføraren gi opp ei fullstendig upåliteleg vekt, og ein av steikeomnane steikte så ujamt at den erfarne bakaren måtte snu steikebrettet halvvegs i steikinga. Her er det truleg duka for justeringar i skulebudsjettet ved neste korsveg.


Sukat-sukk

Skulebollar (sjølvsagt), skillingsbollar og prinsessebollar vart laga etter (nesten) alle kunstens reglar. Bladfyken hevda hardnakka at sukat er obligatorisk i prinsessebollar, men både eksbakaren og klassekontakten rista på hovuda til dette. Samstundes seier det nok litt om alderen (og smaken?) til skribenten.

– Har de laga prinsessebollar før? spurde me gutane?

– Nei, aldri, var svaret frå prinsane.

Jentene hadde ei viss erfaring med vanlege kveitebollar, men skulebollar var nytt handverk for dei fleste.

Elevane fekk sjølvsagt eta fersk gjærbakst på tampen av skuledagen. I tillegg skulle ein del bollar og grovbrød frysast ned, for å bli ein del av matforsyninga under klasseturen til hytta ved Svartatjødno (Valen) denne veka.


Artikkeltags