Populære tomter på Heio

FLOTT UTSYN: Svært lite å utsetja på utsynet frå det nye byggefeltet på Heio. Kjell Framnes i Fronta Bolig har grunn til å smila av «varpet».

FLOTT UTSYN: Svært lite å utsetja på utsynet frå det nye byggefeltet på Heio. Kjell Framnes i Fronta Bolig har grunn til å smila av «varpet».

Artikkelen er over 2 år gammel

Sju av 19 tomter selde på rekordtid.

DEL

Den trege bustadmarkanden gjeld tydlegvis ikkje når det kjem til tomtene på Heio ovanfor Sæbøvik og Dubbedalen på Halsnøy. For om lag fire veker sidan la Stord-selskapet Fronta Bolig tomtene ut for sal. Etter kort tid var sju av tomtene selde. Kjell Framnes i selskapet trur på to viktige grunnar til at tomtene så raskt fekk nye eigarar.

— Det eine er plasseringa og utsynet, det andre er at det ikkje er klausular på bygginga eller kor ein skal kjøpa byggesettet. Husbyggarane står fritt til å velja sine eigne leverandørar på alt. Mykje tyder på at nett det kan ha vore eit sakn, seier Framnes.

Det er heller ikkje sett noko krav til når husa skal byggast, berre at det er ønskjeleg å få gjort det relativt snart, dette for å unngå anleggsstøy over ein lengre periode. Utsynet frå tomtene er makalaust. I tillegg til å sjå store delar av Halsnøy, kan ein på klåre dagar sjå heile Sunnhordlandsbassenget og sju kommunar. Så langt rekk augo frå tuene på toppen. Eit turterreng med stiar ligg like bak, det same gjer ei badestrand. 19 tomter er lagt ut, pluss tomter for tre firemannsbustader og to tomannsbustader som Fronta Bolig skal bygga sjølv. I feltet er det sett av plass til barnehage, men den vert ikkje bygd av Fronta.

— Det kjekkaste er at fleire av dei som har kjøpt tomter er relativt unge menneske frå øya som no ønskjer å flytta heim igjen, fortel Framnes.

Når ni tomter er selde kan arbeidet med infrastrukturen ta til. Inntil vidare er det berre bygt ein anleggsveg.

— Vi håpar å koma i gang no i haust, seier Framnes.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags