Ynskjer søndagsope på Halsnøy

Johannes G. Eide håpar Joker-butikken i Høylandsbygd kan halda ope på søndagar. Kommunedirektøren er i utgangspunktet positiv, og meiner ein bør sjå Sætre, Sæbøvik og Høylandsbygd under eitt slik at dei kan få status som turistbygder. (Arkivfoto).

Johannes G. Eide håpar Joker-butikken i Høylandsbygd kan halda ope på søndagar. Kommunedirektøren er i utgangspunktet positiv, og meiner ein bør sjå Sætre, Sæbøvik og Høylandsbygd under eitt slik at dei kan få status som turistbygder. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Levekårskomiteen tar måndag stilling til om bygdene på Halsnøy skal søkja status som «typiske turiststader».

DEL

Johannes G. Eide ved Høylandsbygd Bygdatun sendte i mars søknad til Kvinnherad kommune. Her oppmodar han kommunen om å søkja Fylkesmannen om at Høylandsbygd får status som turistbygd. Å få ein slik status vil innebera at butikken kan halda ope også søndagar i sommarmånadane.

Eide peikar mellom anna på alle aktivitetane i bygda, og at mykje hytte- og båtfolk ferierar i området rundt Høylandsbygd om sommaren. For å få ein slik status må salet i sommarmånaden hovudsakleg skje til turistar.

Kommunedirektøren er positiv og peiker i si innstilling på at både Sætre, Sæbøvik og Høylandsbygd har forretningar og mange tilreisande i sommarmånadane. Kommunen meiner difor dei tre bygdene må sjåast under eitt i denne samanhengen.

Frå før har Rosendal og området rundt fått status som «typisk turiststad». I samband med denne søknaden rekna ein strekninga frå Løfall til Seim.

Måndag skal Levekårskomitéen ta stilling til innstillinga. Med ein slik status vil butikkane ha høve til å ha søndagsope i perioden 1. mai til 31. august.

Artikkeltags