Ringte 20 personar for å klara å stilla lag

Erling Hansen har skada korsbandet, og slit med å få folk til å møta på kamp.

Erling Hansen har skada korsbandet, og slit med å få folk til å møta på kamp.

DEL

Halsnøy/Trio-trenar Erling Hansen sleit med å skaffa nok spelarar til kampen mot Kvernbit.

– Eg tok 20 telefonar, og vi enda med 13 mann, to av oss burde ikkje vore på banen i det heile, seier Hansen.

Sjølv har han eit korsband som er øydelagt, utan at han veit når det skjedde.

– Legen sa at det var første gong ein pasient ikkje kunne svara på når det hadde skjedd, for det plar vera smertefullt når korsbandet ryk, seier Hansen.

Han prøver å unngå operasjon av kneet, og vil trena det opp i sommar. Han håpar å vera tilbake for fullt til hausten.

Sjølve kampen enda med 5–2 tap, der personlege feil dominerte.

– Vi hang bra med i banespelet og eg synest vi presterte bra, men fire av måla våre imot var direkte personlege feil. Halsnøy/Trio sine mål kom på eit sjølvmål, og av Dan Greger Våge, som spelte sjølv om han var skada, seier Hansen.

Laget har no to viktige heimekampar mot Fitjar og Bremnes igjen før sommarferien, og desse er det viktig for Halsnøy/Trio å vinna, for å ikkje hamna heilt på etterskot.

– Vi burde vore nok spelarar, men ser jo òg at dei andre laga i kommunen slit med det same. Det ser visst ut til at lokalfotballen her er slik, at mange gløymer kor lenge sesongen varer, seier Hansen.

Hansen skyrt ekstra over debutanten Anders Eide Bjørnebøle (15), som debuterte.

– Mot fysisk tøff motstand vann han åtte av ti duellar og spelte ein kjempekamp, skryt Hansen.

5. div. menn

Kvernbit – Halsnøy/Trio 5–2 (3–1)

10. min. 1–0

14. min. 1–1 Sjølvmål

20. min. 2–1

25. min. 3–1

60. min. 4–1

80. min. 5–1

86. min. 5–2 Dan Greger Våge

Laget: Magnus Eide, Ruben Særsten, Svein Bjørke, Dan Greger Våge, Simen mehammer, Paul Andre Sjo, Anders Bjørnebøle Eide, Svein Helge Hølland, Marcus Såtendal, Christan Fjelland Særsten, Håvard Vågen.

Reservar: Erling Hansen, Asmhir Jacupovic.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags