«Halsnøysambandet»

(Illustrasjonsfoto frå arkivet).

(Illustrasjonsfoto frå arkivet).

Av
DEL

MEININGAR

Med bakgrunn i at staten no går inn og slettar den eksisterande gjelda for tunnelen over til Sunde, må ein no kunna sjå til å få ferja tilbake til Sunde, slik det var før i tida.

Totalt 426 bilar passerer Skjersholmane–Ranavik/Ranavik–Skjersholmane i døgeret, rundt 9 bilar for kvart anløp, og sidan 79 prosent av bilistane køyrer gjennom tunnelen for å koma over til Sunde-sida, vil det vera naturleg å legga ferja til Sunde.

Fjord 1, som frå 1. januar 2020 overtar konsesjonen for dette sambandet, er blitt pålagd av staten til å gå med batteridrivne ferjer. Dette vil medføra at dei vil trenga ladestasjonar ved ferjekaiane, noko som Ranavik ferjekai ikkje har plass eller mogelegheiter til, utan at dei får ladestraum frå fastlandet, dvs. Sunde.

Det neste er «kjerrevegen» frå Ranavik, til og gjennom Sæbøvik, utan gang/sykkelveg for dei som treng dette, noko som openbert er ein prøvelse for folk flest som ferdast der, enten du er gåande/syklande eller bilist. Flytter ein no ferja til Sunde, vil denne «kjerrevegen» fram til Sæbøvik få atskilleg mindre trafikk, noko som vil minska faren for trafikkuhell.

Men det er openbert at Statens Vegvesen må få inn i sin organisasjon, ei ny haldning overfor den vanlege mann og kvinne, når folket fremjar innspel til vegvesenet, då opptrer vegvesenet sine folk som om dei er høge på seg sjølv, noko som sjølvsagt er ein uting i dagens samfunn.

Om vegvesenet skal bygga eit nytt ferjeleie på Stord-sida, så kan det vera ein idé å få det inn på «Vikjo», der det var før. Om ein utvidar kaien litt, vil det vera god plass der, slik at ferdafolket kjem seg direkte til sentrum der hurtigbåtar og bussar står. Med det vil me få mykje betre kontinuitet i trafikken i heile området.

Kjell Larsen,

Stord 29.05.2019.

Artikkeltags