Eide Marine Contractors blir til Tronds Marine Service AS

DEL

Tronds Marine Service AS blir det nye namnet på Eide Marine Contractors AS frå i dag av.

I ei pressemelding frå administrasjonsleiar i selskapet, Kjartan Mehammer heiter det at selskapet har henta namnet frå Kristoffer Trondson (Tronds) Rustung til Seim (f.ca. 1490), som hadde opphav i Kvinnherad, hadde ein mangslungen maritim karriere som til slutt førte til at han vart admiral i den dansk-norske marinen.

Tronds Marine Service AS har frå 15. mai 2017 vore eigd av Meidell-konsernet, og namneskiftet er eit ledd i etablering av ny profil. Meidell-konsernet har hovudbase på Onarheim på Tysnes, og hovudverksemda er oppdrett av laks i Alsaker Fjordbruk.

I pressemeldinga heiter det vidare at Tronds Marine Service AS er ei vidareføring med dei aktivitetar, organisasjon og flåte som i dag. Verksemda har til saman 41 godt kvalifiserte medarbeidarar og tilbyr skreddersydde løysingar innan maritime operasjonar langs heile kysten. Kundebasen er variert, med hovudvekt på offshore og konstruksjons-prosjekt.

Tronds Marine Service AS har framleis base i Høylandsbygd og ein flåte beståande av fire flytekranar med løftekapasitet på opptil 400 tonn, to slepebåtar og 15 lekterar, heiter det til slutt i pressemeldinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags