– Butikkar som denne betyr alt

DEL

Nokre kundar er bevisste på å unngå netthandel for at dei lokale butikkane skal leva. Det er Elisabeth Tofte og Synnøve Øvrevik på Sæbøvik gåver og leiker glade for.

Vi tar turen innom butikken ein tysdag morgon i desember, og det nærmar seg jul. Jamt og trutt kjem det inn kundar i butikken på Sæbøvik, stort sett vaksne kvinner. Kari Eide er ein av kundane som er der for å kjøpa julegåver.

– Butikkar som denne betyr alt, den. Eg handlar ingenting på nettet, og ikkje reiser eg mykje. Då blir butikkane vi har lokalt utruleg viktige. Det vil vera voldsamt trist om dei skulle forsvinna, seier Eide.

Nokre minutt seinare kjem Reidun Herland inn i butikken, og Elisabeth og Synnøve er på førenamn med alle.

– Så kjekt du kjem innom i dag òg, seier Elisabeth.

– Eg handlar så mykje som mogleg her på butikkane. Det er viktig å støtta det lokale, seier Herland.


Merkar det

Synnøve Øvrevik og Elisabeth Tofte seier dei klart har merka den aukande netthandelen dei seinare åra.

– Det er ingen tvil om at kundane er blitt færre, men eg trur nok mange ikkje heilt tenkjer seg om når dei bestiller for eksempel julegåvene sine på nett. Vil vi ha butikk i morgon, må vi bruka den i dag, seier Synnøve.

– Det blir kanskje lett når ein sit der med nettbrettet, å bestilla noko frå nett, seier Elisabeth.

Butikken er næraste nabo med posten på Sæbøvik, og dei ser jo at pakkeberget der er veksande.

– Eg trur knapt dei har plass til katten lenger i postbilen! seier Synnøve med eit smil.

Men dei to kan fortelja at butikken framleis har mange gode dagar, og at dei er utruleg glade for alle som tar turen innom kvar dag. Dei har heldigvis mange trufaste kundar.

No i desember speler ho og Synnøve inn sin eigen julekalender kvar einaste dag. Dei som handlar i butikken er med i ei trekning av ein premie som damene viser fram i filmsnutten, og så fortel dei gjerne ein vits samtidig. Dagens vits frå Synnøve var: Veit du forskjellen på ein snømann og snødame? Svar: Snøballane!



Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags