Hattar og Fliflet/Hamre til klosteret

Den populære bergensduoen Fliflet/Hamre speler på Halsnøy kloster på søndag. (Pressefoto).

Den populære bergensduoen Fliflet/Hamre speler på Halsnøy kloster på søndag. (Pressefoto). Foto:

Søndag 17. juni er det igjen duka for «Klosterdagen». Denne gongen med heilt nytt tema.

DEL

Ein spennande og annleis dag er i vente på klosteret førstkomande søndag. Hovudplagg er gjort til eit hovudtema for dagen. Modist Kirsti Nordberg Moe har tatt seg heilt ut med utstillinga «Celebert taffel» i form av eit dekt bord for førstedamer og andre. Konservator emeritus Tore Lande Moe følgjer opp med kåseriet «Hatt – i myte og mote».

Dersom vêret tillèt det, vert det utegudsteneste med Jan Ove Totland på ettermiddagen. Om vêret er ublidt, vert gudstenesta innomhus.

Kafeen er open heile dagen, og på tunet vert det leikar og aktivitetar for store og små.

Dagen vert avslutta med ein heidundrande konsert med Fliflet/Hamre i stovene.

Taffel for høg og låg byrd

Dette skriv klosteret i pressemeldinga om Kirsti Nordberg Moe og utstillinga «Celebert taffel»:

Utstillinga er laga som ei bord-dekking/eit taffel med utgangspunkt i omgrepet «Krune». Då dette kan assosierast med høgare sjikt, vert gjestene ved bordet henta derfrå. Bordet er dekt til Noregs førstedamer i det 20. hundreåret. Diadem som bordkort gir assosiasjonar til dronning Maud, kronprinsesse Märtha, prinsesse Astrid og dronning Sonja.

Kandelabrar er Osebergdronningas mogelege hovudplagg, med «Sareptas krune» glødande bakom. Taffelets lysekrune er «Sigerskransen». Bordpynt, bestikk og champagneglas er alt saman gjenstandar som galant kan høyra heime i modistverkstaden.

Andre gjester er også bedne inn til taffelet. «Hardangerbrura» tronar i eit hjørne, i bakgrunnen kan ein ana dronningane Nephertiti og Kleopatra – for ikkje å gløyma Huldra og Narren. Fridomsstatuen har også ei krune – kanskje litt mindre skinnande enn før.

Formødrene våre er opphøgde med adelsmerket sitt, skurekoneskautet. «Celebert taffel» er dekt for høg og låg byrd.

I forlenginga av taffel-installasjonane i den raude stova vert det også utstilling i kjellargalleriet med både hattar, bilde og historiske tekstar om modistfaget. Modisten vil sjølv vera til stades under opninga.

Kirsti Nordberg Moe tok fagprøve som modist i 1990, etter læretid i NRK-fjernsynet.

Ho har i mange år hatt atelier på «krambuloftet» i Sunnhordlandstunet, Sunnhordland Museum, og har hatt utstillingar i store delar av Norge og i utlandet. Moe har motteke fleire prisar for produkt og idear.

Mote og myte

Tore Lande Moe gir ein kort motehistorikk for hattar og presenterer dei mest kjende moteskaparane og hattebrukarane. Han ser òg på korleis omgrepet «hatt» går att i ei rad faste uttrykk i daglegtalen vår. Slik som for eksempel «å vera høg i hatten», «å vera mann/kvinne for sin hatt» osv.

Tore Lande Moe har har magistergrad i etnologi med støttefaga folkloristikk og idéhistorie frå Universitetet i Oslo 1975. Frå 1978 vart han undervisningsleier, og seinare konservator og direktør, ved Sunnhordland Museum (Sunnhordland Folkemuseum). Han har hatt ei rekkje tillitsverv i kunstlag og museumsorganisasjonar, og i tillegg vore med i skriftstyret for Sunnhordland Årbok sidan 1979, for det meste som redaktør. Tore Lande Moe har skrive ei rekkje artiklar i museums- og sogelagsårbøker og ulike blad og tidsskrift.

Friske rytmar

Fliflet/Hamre er ein godt kjent duo frå Bergen, der den eine er folkemusikar og den andre er «rytme-utforskar».

Saman har Gabriel Fliflet (trekkspill, vokal) og Ole Hamre (trommer, perkusjon, hamrophone, melodica) skapt sin eigen heilt spesielle musikk-stil, og dei kallar då også seg sjølve for «Verdas minste totale orkester», vert det hevda i pressemeldinga.

Som Edvard Grieg og andre bergenske komponistar og musikarar, har dei glede av å stela ein god tradisjonell folketone – og omskapa den til noko nytt. Melodiane hentar dei både i heimlandet Norge og langt vidare utover i verda.

Fliflet/Hamre har skapt eit musikalsk landskap med store variasjonar av lukter og fargar, men innehar likevel umiskjenneleg heilskap. Kanskje er det difor folk med veldig forskjellige musikalske preferansar opplever musikken gjenkjenneleg – og samtidig forfriskande annleis.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags