Arrangerer for fjerde året på rad: – Meir enn berre eit løp

FJORÅRET: Patrick Solheim var best i konkurranseklassen for menn i 2017, men var 34 sekund bak løyperekorden. Søndag er det klart for Toftåsen opp, og det er igjen høve til å utfordra løyparekordane frå 2016. (Arkivfoto).

FJORÅRET: Patrick Solheim var best i konkurranseklassen for menn i 2017, men var 34 sekund bak løyperekorden. Søndag er det klart for Toftåsen opp, og det er igjen høve til å utfordra løyparekordane frå 2016. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Søndag blir motbakkeløpet Toftåsen opp arrangert for fjerde året på rad.

DEL

Elevar ved valfaga Fysisk aktivitet og helse, Natur, miljø og friluftsliv og Produksjon av varer og tenester arrangerer løpet opp til Tofteåsen på Halsnøy for fjerde gong.

– Vi håpar det kjem mykje folk. Poenget er at dette ikkje berre skal vera eit løp, men ein dag for heile familien. Vi ønsker å skapa gode opplevingar i fysisk aktivitet ute i naturen. Det blir mellom anna mange kjekke aktivitetar for dei yngste langs løypa. Så vil det vera høve for dei som ønsker å konkurrera og pressa seg sjølve, seier lærar ved 10. trinnet ved Øyatun ungdomsskule, Johannes Heien.

Elevane får også høve til å gjera seg erfaringar med korleis det er å stella i stand eit større arrangement. Pengane dei får inn går kvart år til velgjerds- eller andre samfunnsmessige formål. Det blir også trekning av premiar på startnummer, opplyser arrangøren. Det går eigen trasé for dei som har med barnevogn.

Motbakkeløpet er 2,3 kilometer langt og går til 190 moh. Hildegunn Håland står med løyperekorden for damer (14.32), medan Henrik Bauge har beste herretid (11.47). Begge frå 2016.

Artikkeltags