Øyatun-«omkamp» torsdag

Det er stor motstand mot nedlegging av Øyatun skule på Halsnøy. (Foto: Mona Grønningen).

Det er stor motstand mot nedlegging av Øyatun skule på Halsnøy. (Foto: Mona Grønningen).

Artikkelen er over 4 år gammel

Aksjonsgruppa som jobbar for å hindra ei nedlegging av Øyatun ungdomsskule åtvarar kommunestyrepolitikarane mot å vedta Rådmannen sitt forslag til økonomiplan.

DEL

Kampen er ikkje over for aksjonsgruppa for Øyatun sitt vedkomande. I morgon (torsdag) skal kommunestyret behandla budsjett 2015 og økonomiplan for 2015–2018. Onsdag vidaresende Georg Eide eit brev frå advokatfirmaet Wikborg, Rein & Co til politikarane.

– Kvar kommunestyrerepresentant må lesa dette brevet grundig, og tenkja gjennom om dei vil risikera å vera med på ein ulovleg saksgang dersom dei vel å godkjenna økonomiplanen slik den ligg føre, seier Eide til Kvinnheringen.

I brevet peiker advokatfirmaet på at sjølv om Rådmannen tok bort forslag nr. 34 til budsjettvedtak om nedlegging av Øyatun ungdomsskule, heldt han likevel lag ved forslaget om nedlegging av skulen i økonomiplanen for 2016 og 2017, og dette vedtok formannskapet i si innstilling til kommunestyremøtet som skal haldast i morgon.

«Me er derfor kritiske til om ei nedlegging av Øyatun ungdomsskule er tilstrekkeleg greia ut og sannsynleggjort frå kommunen si side, særleg på bakgrunn av at det ikkje er gjennomført noko høyringsrunde i det heile tatt (…) Kommunestyret må i denne samanheng, i samsvar med god forvaltningsskikk, også vurdera merknadane frå aksjonsgruppa på dei økonomiske følgjene av ei nedlegging, samt andre innspel som er kome fram i denne saka» hevdar advokatfirmaet.

– Rådmannen og administrasjonen si saksførebuing har faktafeil og gir eit feil kostnadsbilde, seier Eide.

– Det skaper mistillit til dei som jobbar med økonomien oppi denne saka. Med feil talmateriale er det heller ikkje mogleg å gjera korrekte vedtak, legg Kristin Isdal Eide til.

Begge sit i aksjonsgruppa og oppmodar flest mogleg til å stilla på kommunestyremøtet i morgon, torsdag.

– Denne kampen er ikkje over før vi har sikra framtida til Øyatun og bassenget.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags