Trekte saka om Øyatun

Klar tale frå ungdommane frå Halsnøy som møtte opp på formannskapsmøtet torsdag.

Klar tale frå ungdommane frå Halsnøy som møtte opp på formannskapsmøtet torsdag.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Mange frå Halsnøy hadde møtt fram til dagens formannskapsmøte, der spaninga handla om Øyatun skule.

DEL

Men den store delegasjonen av ungdomar og vaksne måtte dra heim utan å få noko avklaring om framtida til ungdomsskulen på Halsnøy.

For alt ved opninga av møtet trekte rådmannen Trond Sætereng punkt 36 i innstillinga til budsjett og økonomiplan. Her stod det: «Øyatun ungdomsskule vert lagt ned frå sommaren 2016, og elevane vert overførte til Hunses ungdomsskule». Før rådmannen kan leggja dette inn i ei eventuell innstilling, så må politikarane få eit utgreiing om saka. Difor vart den trekt.

– Eg er fornøgd så langt, seier Georg Eide til Kvinnheringen.

Han var blant dei mange tilreisande frå Halsnøy. Bedriftsleiaren meiner det er heilt ulogisk å leggja ned Øyatun skule. Det vil skapa problem både for bedrifta han sjølv er leiar av, og store delar av næringslivet.

– Legg ein ned Øyatun, så forsvinn òg kveldsaktivitetane. Det vil råka handelsstanden på øya. Over tid vil heile øysamfunnet merka dette, spår Eide.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags