Denne spesielle julekjeksen er Sebastian sin favoritt

Oppskrifta på denne tynne, hollandske julekjeksen kjem frå ein hollendar som jobba hos Jan Gunnar Tofte då han dreiv bakeriet i Sæbøvik. No er det Sebastian Johnsen (18) og familien som driv Lands-bybakaren i desse lokala, og denne julekjeksen er favoritten hans.

Oppskrifta på denne tynne, hollandske julekjeksen kjem frå ein hollendar som jobba hos Jan Gunnar Tofte då han dreiv bakeriet i Sæbøvik. No er det Sebastian Johnsen (18) og familien som driv Lands-bybakaren i desse lokala, og denne julekjeksen er favoritten hans.

Artikkelen er over 2 år gammel

«Landsbybakaren» Sebastian Johnsen (18) bakar ein heilt spesiell julekjeks du truleg ikkje får tak i mange andre stader. Oppskrifta kjem heilt frå Holland.

DEL

– Det var ein kar frå Holland som jobba for Jan Gunnar (Tofte) og som hadde med seg oppskrifta på desse, seier Sebastian, og viser fram dei tynne, runde, hollandske julekjeksa med mandelflak i.

Desse er «landsbybakaren» sin favoritt av julekakene dei sel i kafeen. Elles sel dei kakemenn, sirupssnippar, kokosmakronar, julebrød, vørterbrød, marsipankonfekt og kransekakestenger.

– Kransekakestenger sel vi heile året, men det tar seg opp i jula, forklarar han.

– Har de ikkje peparkaker?

– Nei. Vi har prøvd med dei òg, men salet var dårleg. No har vi fått eit nytt datasystem som gjer at vi kan gå inn og sjå kva som selte bra i fjor, og ta utgangspunkt i det.

Den høgreiste og slanke ungdomen ser ikkje ut som han et særleg mange av bollane han lagar sjølv, kommenterer vi lattermildt.

– Nei, eg gjer ikkje det. Ein blir litt lei når ein går oppi det dagleg, ler Sebastian.

Vi lurer på om han har utvikla nokre av oppskriftene sjølv, eller om det er slik at desse har følgd bakeriet opp gjennom tidene?

– Vi eksperimenterer jo litt for å komma fram til dei beste brøda og bollane, men dei fleste oppskriftene vi brukar er over 100 år gamle, som vi har fått overta av tidlegare drivarar. Folk er veldig glade i brødet som vi heiter «Møllarens», det er bestseljaren vår, og det grove speltbrødet.

Halsnøybuen støttar opp

Sebastian og familien opna «Landsbybakaren» i Sæbøvik sentrum for eitt og eit halv år sidan – i august 2016, berre to månader etter at Peder Bakar AS blei lagt ned. Det er faren Odd Hallvard som eig bedrifta og er dagleg leiar, medan Sebastian driftar bakeriet. Han er i tillegg lærling i bakarfaget. Til dagleg er det han som bakar alle varene som blir selt i kafeen, men både «besto» Serina Johnsen, mamma Anita, pappa Odd Hallvard og dei to brørne til Sebastian trør til når det trengs. Det er bakar og konditor Silje Margrethe Nygård som er Sebastian sin læremeister. Sidan Landsbybakaraen opna har ein investert i ny omn, og pussa opp kafeen.

– Eg er stort sett her i bakeriet kvar dag, utanom den eine dagen i veka eg går på Stord vidaregåande skule for å ta norsk, engelsk og matte. Seinare må eg eitt år til Bergen for å ta bakarfag før eg kan ta fagbrev.

Sebastian står opp i halv fire-tida om morgonen, går på jobb i bakeriet, og held på til han er ferdig med bakinga – tidlegast i ti-tida.

– Og så går du heim og legg deg?

– Nei. Eg gjorde det før, men ikkje no lenger. Men eg legg meg i ni-ti-tida på kvelden, så eg synest eg får nok søvn. Eg trivst veldig godt med jobben, og synest det er veldig kjekt å vera bakar. Eg trur nok eg har funne yrket mitt, smiler ungdomen som truleg er ein av landets yngste bakarar.

Han legg til at det har gått bra med drifta sidan oppstarten, og at halsnøybuen er flinke til å nytta seg av det lokale bakeriet.

– Vi har mange faste kundar, blant anna bedrifter.

Sommarsesongen er den beste for bakeriet, på grunn av turistane og at folk har lang ferie. Så kjem nokre rolege månader, før det tar seg opp igjen i jula:

– I jula får vi ein opptur. Då bakar vi jo ein del varer vi ikkje bakar elles i året, og mange av dei som har flytta vekk kjem heimom for å feira jul med familien og stikk innom og handlar hos oss. Eg synest jula er koseleg, men det hadde gjort seg med litt meir snø!

Sebastian har god hjelp av «besto» Serina Johnsen og dei andre i familien.

Sebastian har god hjelp av «besto» Serina Johnsen og dei andre i familien.

Artikkeltags