– Perfekt helg for utdrikkingslag

Utdrikkingslag: Forlovar Silje Bjørgen (t.h.) hadde planlagt utdrikkingslag for Angjerd Størksen (framme i orange) festivalhelga.

Utdrikkingslag: Forlovar Silje Bjørgen (t.h.) hadde planlagt utdrikkingslag for Angjerd Størksen (framme i orange) festivalhelga.

Forlovar Silje Bjørgen meinte det passa perfekt å drikka Angjerd Størksen ut under Sæbøvikfestivalen.

DEL

Angjerd Størksen skal gifta seg i september. Ho kjem opprinneleg frå Halsnøy, men bur no i Sauda.

Då forlovar Silje Bjørgen skulle planlegga utdrikkingslaget, fann ho ut at helga for Sæbøvikfestivalen passa perfekt.

– Eg måtte finna ei helg i dette tidsrommet, og denne helga skulle ho reisa heim uansett, så då passa det perfekt, sa Bjørgen.

Følget var ikkje vanskeleg å få auge på – alle med like solbriller som det stod «Team Bride» på. Den komande brura var, trass opplett, rusta for vestlandsvêr i oransje regnklede og støvlar, og med slør, solbriller og gallaband fortalde dei som skulle lura at ho var «Bride to be».

– Vi kom inn med båt, det var veldig fint å sjå Sæbøvik utanfrå, fortalde brura.

– Det er jo ekstra kjekt med utdrikkingslag ei helg som dette der det skjer litt, det hadde vore litt keisamt om det var heilt daudt her, sa ho.


Artikkeltags