– Dugnadsånda er fantastisk! Eg er heilt overvelda

Det seier Tone-Lise Jonassen, dagleg leiar ved Halsnøy kulturhus. Tysdag kveld stilte nærmare 30 personar opp på dugnad for å rigga klart til Sæbøvikfestivalen som startar torsdag.

DEL

Planlegginga av eitt av årets store høgdepunkt på Halsnøy har føregått i fleire veker allereie, og no nærmar festivalhelga seg med stormskritt. Det blir fullspekka programførstkommande helg, med aktivitetar både ved kulturhuset og ved Halsnøy senter.

– Dette er første året alt ved kulturhuset skjer utandørs, og for å sikra oss mot eventuelt dårleg vêr set vi opp telt, fortel Jonassen, som er hovudansvarleg for det som skal skje på kulturhuset sitt område.

Og telt må riggast, derfor var ho strålande nøgd med at så mange som nærmare 30 personar meldte seg frivillig til å hjelpa til tysdag kveld.

– Å sjå slik ei fantastisk dugnadsånd er overveldande! Vi hadde aldri klart det utan så god hjelp, rosar ho.

Ho legg til at dei i år har delegert fleire oppgåver enn tidlegare, og at det gjer organiseringa lettare.

– Ein lærer jo litt for kvar gong.

Noko for ein kvar smak

Sæbøvikfestivalen begynner allereie torsdag. Kippers Café & Bar på kulturhuset er open frå morgonen av, og det blir sal av grillmat og fiskesuppe. På kvelden blir det kaijazz med musikk av blant andre bluesbandet Gråblå Strenger som speler gamle blues- og roots-klassikarar.

Fredagen er Kippers òg open frå morgonen av, og det blir underhaldning av lokale artistar på dagtid.
I tillegg skal 12 år gamle Elisabeth Kvinnsland frå Haugesund syngja saman med lokale Oddgeir Røssland.

– Vi møtte ho under audition-rundane til Norske Talenter, og denne jenta har verkeleg ei stemme og eit hjarte av gull. Ho er under kreftbehandling, men er knalltøff og ved godt mot. Vi gler oss til å høyra ho syngja! seier Jonassen, som forresten sjølv er kjent for si flotte stemme og skal vera del av underhaldninga.

Seinare på ettermiddagen opnar teltet ved Halsnøy Senter, og forutan hoppesklie og diverse aktivitetar for barn, kan folk nyta herleg sjømat under Den store krabbe- og rekefesten. Der blir det òg dans med bandet Splint på kvelden, medan Raititai Band speler på Pub No. 13 i Halsnøy kulturhus.

Laurdag kan du få deg frukost i teltet ved Halsnøy Senter, før den store fiskefestivalen sparkar i gang ved kulturhuset. Då blir det fiskekonkurranse, mange aktivitetar for barn, underhaldning frå scena og ikkje minst sommarbasar med åresal leia av Peder Sjo Slettebø. Sponsorane til Sæbøvikfestivalen har sørga for flotte premiar til både fiskekonkurransen, lykkehjulet og basaren, blant anna eit reisegåvekort på 10.000 kroner.

På kvelden speler Jeremaya (kjent frå The Voice) and the Superfly på Pub No. 13, medan Splint speler i teltet ved Halsnøy Senter.

– Vi kryssar fingrane for fint sommarvêr, god stemning og mykje folk – både kvinnheringar og tilreisande! Vi håpar dette blir den beste Sæbøvikfestivalen "ever"! avsluttar Jonassen.

Artikkeltags