Halsnøy Samfunnshus i Sæbøvik sentrum har allereie Pub13 i tredje etasje, med plass til mange og rom for live musikk. Men no får halsnøybuen eit heilt nytt tilbod i form av ein bar i første etasje. Takk vera iherdig dugnadsinnsats og ein dyktig interiørkonsulent i Silje Tofte, er lokalet som stod tomt no transformert til ein bar som hadde vore storbyar verdig.

– Ønsket var at det skulle vera rustikt, men for å unngå «brun pub»-looken friska vi det opp med litt fargar. Fordi det her var fiskefabrikk i gamledagar ville vi gå for litt industristil, og mange av pyntegjenstandane har vi funne på huset, fortel Silje Tofte, som er utdanna interiørkonsulent og tok på seg oppdraget med å innreia baren på dugnad.

Det meste av interiøret har ho laga av materiale ho har fått eller funne, det einaste Tofte har kjøpt er stolar, sofagrupper og nokre lamper frå Ikea, som til saman kosta rundt 20.000 kroner. Det flottaste blikkfanget på Kippers er kanskje bardisken, som ser ut som den er laga av stein, men i verkelegheita er ei sementblanding forma med teknikken «Decopierre» laga av Ralph Warnke som gåve til samfunnshuset. Flisene er sponsa av Designflis.no, og danske arbeidarar i Byggnytt har flisa og bygd konstruksjonen til bardisken. Trematerialet rundt om kring i baren er sponsa både av Arne Gjerde og Knut Geir Tofte (Tofte Sag og snikkeri). Alt elektroarbeidet er også gjort på dugnad av Roy Særsten, Huse Elektro og Elecon, fortel Tofte. Logoen, plakatane og menyane til Kippers er laga gratis av Nuno Carvalho. Då Kvinnheringen var innom Kippers var ein dugnadsgjeng i sving over alt for å få ting klart til opninga av Kippers i morgon.

– Vi set stor pris på og vil takka alle dei som har stilt opp på dugnad over lang tid, for å gjera dette mogleg. Dei veit sjølve kven dei er, smiler dagleg leiar ved samfunnshuset, Wenche Trovik Tofte.

– Wenche er ein fantastisk motivator som får folk med og gjer det kjekt å bidra, skryt Rolf Dahle og resten av dugnadsgjengen.

No håpar dei folk både på Halsnøy og elles i kommunen vil bruka baren, som også skal vera ope på dagtid fredagar og laurdagar. Då er det mogleg å få seg ein kaffi og diverse smårettar. I morgon blir det opningsfest på Kippers, og på Pub13 speler Tone Lise Jonassen, Henning Sæbø og Rune Landa live musikk.