Mot a-sluttspel for Halsnøy

Hannah Mehammer avgjrode kampen mot Sykkulven. Her frå oppgjeret i går mot KFUM. (Foto: Vidar Alfarnes.)

Hannah Mehammer avgjrode kampen mot Sykkulven. Her frå oppgjeret i går mot KFUM. (Foto: Vidar Alfarnes.)

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Dei 16 år gamle jentene til Halsnøy susar mot a-sluttspel.

For berre nokre minutt sidan vann Halsnøy-jentene sin andre kamp på rappen. I går slo dei KFUM-Kam 4–0, på relativt lett vis. Lang tøffare motstand var det i dag mot Sykkulven. Dei hadde i går vunne 11-1 over Heddal, så ein tøff kamp var venta, og det vart det.

Halsnøy har oppdatert kampen live, og reporter Verner Fjelland skriv om ein kamp med stor sjansar til begge lag. Men Halsnøy klarte å få ballen i mål, og igjen var det kaptein Hannah Mehammer som stod for målet. Med seks poeng på to kampar, og truleg den lettaste motstandaren igjen,  er det svært mykje som skal til for at ikkje Halsnøy er klare for a-sluttspel.

Imponert

Ordførar Peder Sjo Slettebø er på Ekebergsletta i dag og fekk med seg kampen til Halsnøy.

- Eg er imponert, det var ein jamn og spennannde kamp, seier ordføraren. Seinare i dag skal han få med seg kampar der Rosendal/Uskedal og Trio spelar

Så langt i dag har Usekdal sine gutar 13 spelt mot Bergsøy, der det vart tap 2-1. Rosendal sitt J13 lag møtte solide Lyn, og spelte uavgjort 1-1.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags