Regjeringa med tidenes gåvepakke til Kvinnherad – Halsnøytunnelen blir gratis!

Søndag jubla denne gjengen med lokalpolitikarar over gladnyhendet frå regjeringspartia sine. F.v. Kai Morten Torget (FrP), Synnøve Handeland (V), Ove Lemicka (Frp), Kent Are K. Petterson (V), Otto Benjaminson (KrF) og Peder Sjo Slettebø (H).

Søndag jubla denne gjengen med lokalpolitikarar over gladnyhendet frå regjeringspartia sine. F.v. Kai Morten Torget (FrP), Synnøve Handeland (V), Ove Lemicka (Frp), Kent Are K. Petterson (V), Otto Benjaminson (KrF) og Peder Sjo Slettebø (H).

DEL

Søndag kveld kom eit gladnyhende for mange kvinnheringar: Regjeringa skal betala heile lånet til Halsnøytunnelen og riva bomstasjonen. Kai Morten Torget (Kvinnherad FrP) har visst om nyhendet sidan fredag, men måtte halda tett fram til søndag.

– Det var berre eg, Gustav Bahus (fylkesleiar i Frp) og departementet som visste om det.

Kvinnherad FrP, samt Vestland FrP, har teke opp forskjellige problemstillingar rundt Halsnøysambandet med regjeringa, blant anna at den til ein viss grad splittar arbeidsmarknaden, den gjer det økonomisk vanskeleg for dei med låg inntekt og for alle som må passera bomvegen på grunn av jobb. I tillegg er dette sambandet svært fordyrande for industrien og transportnæringa som nyttar sambandet for å få fram varene, skriv lokallagsleiar i Kvinnherad FrP, Kai Morten Torget, i ei pressemelding som blei sendt ut søndag kveld.

Han peikar òg på at Halsnøysambandet har vore hardt råka av fritaket som Stortinget innførte for el-bilar. Etter takstane òg vart endra for å følgja nasjonal standard, har dette òg ført til høge bompengekostnader for bilistane.

Torget og Bahus har i tillegg til at saka har vore tatt opp via Kvinnherad kommune, gjort regjeringa merksam på desse problema.

– No har vi blitt høyrde, slik at regjeringa i revidert nasjonal budsjett har lagt inn 200 millionar kroner til nedbetaling og av riving av bomstasjonar. Øvst på lista for vegar med bompengeinnkrevjing som skal bort, er Halsnøysambandet. Dette sambandet vil no få den resterande bompengegjelda sletta i sin heilskap. Fjerning av bommen på Halsnøy er mogleggjort ved at FrP sit i regjering, og at kommunikasjonsvegen inn til regjeringa er kort. Det er kjempestas å ha dyktige statsrådar som Jon Georg Dale som lyttar til sine partifellar i ein liten kommune! skriv Torget i pressemeldinga.

Jubel

Då nyhendet vart sleppt søndag kveld, kalla lokalpolitikarane i Høgre, Frp, Venstre og KrF i Kvinnherad pressa ut til å møta dei ved bomstasjonen. Dei jubla over gladmeldinga:

– Dette er nesten like stort som då vi klypte snora og opna tunnelen. Dette nyhendet gir gåsehud, seier Synnøve Handeland (V).

– Ja, det kunne vore ein god aprilsspøk dette, men det er det heldigvis ikkje! seier Otto Benjaminson (Krf).

– Vi må gi ei stor takk til regjeringspartia. At bompengestasjonen ved Halsnøytunnelen blir fjerna er ein stor gåvepakke til Kvinnherad. Dette vil ha enorm tyding for både private og næringslivet, og er svært god distriktspolitikk. No vil Kvinnherad verkeleg blomstra, seier Peder Sjo Slettebø (H).

– Det er nesten ikkje til å tru. Eg var i Bergen i helga, og ein partikollega og eg snakka om kvifor vi samarbeidde med FrP. Dette er grunnen! seier Kent Are Kjørsvik Petterson (V).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags