I januar 2018 runda talet på bomstasjonspasseringar 3.000.000

I januar runda talet på bompasseringar i Halsnøysambandet tre millionar. (Arkivfoto).

I januar runda talet på bompasseringar i Halsnøysambandet tre millionar. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Trafikken i Halsnøysambandet har nesten dobla seg sidan starten i 2008, og i januar 2018 runda talet på registrerte bomstasjonspasseringar 3.000.000. Elbil-trafikken stod for 27% av bompasseringane i 2017.

År

Passeringar

2017

383.508

2016

360.800

2015

343.863

2014

315.469

2013

293.444

2012

274.400

2011*

267.804

2010

271.634

2009

266.425

2008**

209.266


* 2011-nedgangen skuldast utstyrsfeil og lang periode utan registreringar.

** Tunnelen opna 8. mars 2008 og talet gjeld dermed knappe 10 månader med trafikk.

Nyleg selde kommunen aksjane sine i Fastlandssamband Halsnøy AS til Ferde AS, det nyoppretta regionale bompengeselskapet for Sør- og Vestlandet. Hordaland Fylkeskommune sin eigarpost på 53,68% står framleis. Ferde AS er igjen eigd av Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder. Selskapet vart oppretta som følgje av Stortinget sitt vedtak om å samla bompengeselskapa i fem regionale selskap.

Varaordførar Hans Inge Myrvold er styreleiar Fastlandssamband Halsnøy AS. Han er usikker på om det blir endringar i styret som følgje av eigarendringane.

– Det blir nok opp til generalforsamlinga som finn stad i juni, kommenterer Myrvold.

Han er sett til styreleiarvervet av hovudeigaren, altså Hordaland Fylkeskommune, gjennom politiske forhandlingar mellom posisjonspartia i fylkestinget.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags