Eit pluss for handel, kultur og arbeidsliv

Senterleiar Geir Jakobsen ser at Halsnøytunnelen har gitt mange positive effektar – ikkje minst for handelen på Husnes.

Senterleiar Geir Jakobsen ser at Halsnøytunnelen har gitt mange positive effektar – ikkje minst for handelen på Husnes.

Artikkelen er over 1 år gammel

– Denne tunnelen vil bli lite brukt! – No snakkar du berre tull!

DEL

HALSNØYTUNNELEN 10 ÅRSlik gjekk ein samtale mellom senterleiar Geir Jakobsen i Husnes Storsenter og ein slektning av han på Halsnøy i dei dagane Halsnøytunnelen vart opna for 10 år sidan. Slektningen meinte at både bompengar og innarbeidde vanar ville bli eit effektivt hinder for bruken. Men Jakobsen meinte noko anna.

– Eg kom til Husnes berre få dagar før opninga i mars 2008, og var i grunnen lite kjent med tilhøva her. Men eg var overtydd om at det å sleppa å ta ferja ville auka trafikken mellom Halsnøy og resten av Kvinnherad betydeleg, seier Jakobsen i dag.

Og han fekk rett, akkurat som mange andre. Skeptikarane sine spådomar vart fort gjorde til skamme.

– Litt morosamt er det at kona til slektningen eg var ueinig med var blant dei første som begynte å køyra til Husnes, humrar Jakobsen.

Viktige kundar

Presise målingar for kor mange frå Halsnøy som handlar på fastlandet finst ikkje. Følgjeleg ei heller for kor mange kroner det er tale om. Men teikna er så klare at senterleiaren på storsenteret kan slå fast at dette er ei viktig kundegruppe for Husnes Storsenter.

– Med såpass mange butikkar samla berre nokre minuttars køyring frå Halsnøy, er det heilt naturleg at kursen vert sett hitover – i alle fall innimellom. Så om ein ser på handelen på Husnes isolert, er det i alle fall ingen tvil om at tunnelen har stor verdi, hevdar Jakobsen.

Etter senterleiaren sitt syn er det òg viktig at folk frå Halsnøy kan ha jobb på fastlandet utan å måtta bruka lang tid på reisinga, slik det var før. Og sjølvsagt omvendt.  

– For heile Kvinnherad er det positivt at den naturlege arbeidsmarknaden er blitt større og flyten betre. Berre her på storsenteret har fleire halsnøybuar arbeidet sitt, fortel Jakobsen.

Kultur og busetnad

Senterleiaren meiner at kommunen vart knytt saman på ein langt sterkare måte etter tunnelopninga.

– Tunnelen betyr like mykje for kulturlivet, busetnaden og omgangskretsen som for handelen og arbeidslivet, hevdar Jakobsen.

Han konkretiserer dette med at kulturarrangørar på begge sider av tunnelen har fått større nedslagsfelt, og at ein kan busetja seg på begge sider – same kor ein har det faste arbeidet sitt. Ein kan lett pleia vennskap på andre sida, ein kan finna seg kjærast og ein kan nytta seg av alle typar fritidsaktivitetar, uavhengig av adressa. Folket på Halsnøy har også fått kortare veg til ein del kommunale tenester, helsetilbod og andre tenestetilbod som det tidlegare var lang veg til.

– Det handlar om å skapa ein felles og viktig identitet for innbyggjarane. Der har tunnelen stor verdi, meiner Jakobsen.

Sjølv har han skaffa seg hytte på Halsnøy. Til vanleg bur han i huset sitt i Matre, men om han ikkje vil køyra så langt ein dag, set han kursen for Landasjøen i staden for.

– Veldig greitt. Men ein ting er sikkert, om det ikkje var for tunnelen, hadde eg aldri kjøpt hytte på Halsnøy.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags