Med bustad på Halsnøy og jobb på Opsanger, var Sæbø ein av pendlarane som verkeleg såg fram til ein ny kvardag

TUNNELFAN: Halsnøybu Reidar Sæbø har arbeidsstad på Opsanger. Han meiner Halsnøytunnelen er ein einaste stor suksess. Her er han fotografert nede i Halsnøytunnelen.

TUNNELFAN: Halsnøybu Reidar Sæbø har arbeidsstad på Opsanger. Han meiner Halsnøytunnelen er ein einaste stor suksess. Her er han fotografert nede i Halsnøytunnelen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL
Halsnøytunnelen 10 åriv>

I Kvinnheringen sitt magasin i samband med tunnelopninga for ti år sidan, var dagleg leiar i Sunde industri & offshore (SiO), Reidar Sæbø, ein av personane som vart intervjua. Med bustad på Halsnøy og arbeidsstad på Opsanger, var Sæbø ein av ferjependlarane som verkeleg såg fram til ein ny kvardag med tunnel.

– Den gongen håpa du på betre tider som følgje av tunnelopninga, både for deg sjølv og bedrifta. Korleis har det gått?

– Det har gått strålande og livet er blitt mykje meir fleksibelt. Like etter at den vanlege arbeidsdagen er over, har eg som leiar ein del telefonar og arbeid som eg får gjort unna då. Og no kan eg sitja til eg er ferdig – har ikkje noko ferje å forholda meg til.

– Det var du faktisk inne på i intervjuet for ti år sida, og du var på ein måte litt redd for at det ville bli lengre ettermiddagar på jobb, sidan det ikkje lenger var ei ferje du måtte rekka? Har det blitt slik?

– Ja, eg sit nok meir på jobb no, men treng ikkje gå akkurat på eit klokkeslett. Det er ein stor fordel – Halsnøytunnelen må me ta vare på og den skal me betala ned, smiler Sæbø.

Han saknar ikkje ferjestresset eit sekund.

– Du bur på Halsnøy. Har tunnelen etter ditt syn endra øymiljøet?

– Ja, spesielt forretningane på Halsnøy har nok merka konkurransen frå Husnes. Men utviklinga er slik og det må me berre forholda oss til. Me har Husnes som senter i kommunen og det må me ta vare på.

– Det er fem år igjen av bompenge-perioden. Er det greitt, eller bør tunnelen gjerast gratis tidlegare ved å finansiera restlånet gjennom Kvinnheradpakken, slik nokre har tatt til orde for?

– Nei, eg meiner me berre må ta dei fem åra som er att med bompengar. Fem år går snart, og så får komande generasjonar nyta godt av gratis samband, seier Sæbø.

– Kva med ferje-sambandet Stord–Kvinnherad? Ferjestad på Halsnøy, eller på fastlandet?

– Ferja kunne godt ha gått frå fastlandet og så kunne bompengane for tunnelen vore lagde på ferjebilletten. Men største problemet her er ferjemateriellet – me skulle hatt hurtiggåande ferjer, meiner Sæbø.

Tilbake til tunnelen. Sæbø gler seg over den samlande effekten Halsnøytunnelen har.

– Kvinnherad kommune har blitt éin kommune på alle måtar – det er veldig positivt. Husnes er sentrum og det er berre flytta rådshuset dit òg, så hadde me fått alt samla.

– Kva med SiO – korleis har tunnelen påverka bedrifta?

– Det er berre positivt det òg, og for dei som pendlar frå Halsnøy og hit, slik som meg, er det lettvint. Me kan sova ein halvtime lenger enn då me ferjependla.

Det einaste Sæbø vil pirka på er at tunnelen kunne vore lysare.

– Eg har sett at ein har kvitkalka betongveggene i einskilde andre tunnelar, noko som gjer det mykje lysare. Det burde vore gjort i Halsnøytunnelen òg, oppmodar Reidar Sæbø.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags