No må el-bilane betala: – Skal vurdera å kjøpa meg ein sjølv

PÅ TIDE: Arne Bjørnevik (H) syntest ikkje det var ein dag for tidleg å innføra bompengetakst i Halsnøytunnelen for nullutsleppskøyretøy.

PÅ TIDE: Arne Bjørnevik (H) syntest ikkje det var ein dag for tidleg å innføra bompengetakst i Halsnøytunnelen for nullutsleppskøyretøy. Foto:

– Det blir spennande å sjå kva ein skal snakka om på «Kvardagsprat» no, sa ordføraren etter vedtak om at el-bilane skal betala bompengar.

DEL

I kommunestyret torsdag var det oppe sak om å innføra bompengeavgift for nullutsleppskøyretøy i Halsnøytunnelen, Jondalstunnelen, og ferjestrekninga Årsnes–Gjermundshamn.

– 8. mars 2008 var ein gledens dag for Kvinnherad og spesielt på Halsnøy. Då blei sambandet opna, og lite visste vi då kva el-bilane ville ha å seia for nedbetalingsplanen, sa Halsnøy-buen Arne Bjørnevik innleiingsvis i sakshandsaminga.

Sjølv meinte han det ikkje var ein dag for tidleg at alle som nyttar sambandet skal vera med på dugnaden, og faktisk var han så nøgd med forslaget at han sjølv no vurderte å kjøpa el-bil.

– Som det gode miljøpartiet Høgre er, vil eg oppmoda alle som kan om å skaffa el-bil, det er framtida.

Det var derimot ikkje alle som var overlykkelege. Gretha Rød (Ap) var redd at ein billig Jondalstunnel vil føra til at Odda-buen køyrer den vegen og ikkje om Årsnes.

– Viss vi då i tillegg skal ha meir bompengar på den ferjestrekninga, vil vi få mindre ferjetrafikk frå Odda, sa Rød, før ho til slutt la til at ho òg ønskte ein billegare Halsnøytunnel.

Elles syntest verken Bernth Harry Eliassen (Ap) eller Ove Lemicka (Frp) at bompengeordninga er ei særleg god ordning sosialt sett.

– Den finansieringa av vegar vi held på med i dag er vederstyggeleg, slutta Lemicka.

Elles blei rådmannen si innstilling vedteken samrøystes.


Artikkeltags