Sverre betalar bompengar med glede

Sverre Bjørnevik ser ikkje anna enn fordelar med den fridomen og verdien Halsnøytunnelen har gitt.

Sverre Bjørnevik ser ikkje anna enn fordelar med den fridomen og verdien Halsnøytunnelen har gitt.

Artikkelen er over 1 år gammel

– Tunnelen har gitt oss ein fridom eg er villig til å betala for.

DEL

HALSNØYTUNNELEN 10 ÅRKjøpmann og leiar for Halsnøy Senterforeining, Sverre Bjørnevik, var blant dei som ønskte tunnelen varmt velkomen i 2008, og som seinare berre har hatt glede av den. At det kostar nokre kroner å koma gjennom, har ikkje vore til noko hinder for bruken.

– Vi må ikkje gløyma at det kosta meir å ta ferja før tunnelen kom. Å betala for den fridomen vi har fått til å køyra akkurat når det passar oss, betalar eg meir enn gjerne for. Og set vi den perioden vi betalar bompengar inn i eit tidsperspektiv, er det uansett snakk om kort tid, slår han fast, før han legg til:

– Men taksten for tunge køyretøy er i stivaste laget. Den burde vore redusert og kompensert med betaling for elbilar. Eg kan ikkje sjå at dei som køyrer elbilar skal sleppa heilt klar betaling. Fordelen med tunnelen er like stor for desse. Halv betaling som løn for miljøvenleg køyring hadde passa bra. 

God handel

Bjørnevik driv butikkane Spar Sæbøvik og Gåver og leiker. Vi spør om tunnelen på nokon måte har gjort utslag på omsetninga i dei to butikkane.

– Den fulle forklaringa er vanskeleg å fastslå, men begge butikkane har hatt salsauke. Spar-butikken kan faktisk visa til ei dobling av omsetninga på desse 10 åra. Den store gjennomgangstrafikken har hatt ein del å bety. Folk stoppar gjerne for å handla litt på vegen ut eller heim. Alle butikkane i sentrum opplever det, fortel kjøpmannen.

– Har trafikken òg gått andre vegen, at folk reiser til Husnes for å handla noko ein like godt kunne kjøpt på øya?

– Det kan jo henda, men store utslag hos oss har ikkje det gitt. Tunnelen ser heilt klart ut til å ha gitt oss meir sal enn vi eventuelt har mista, seier Bjørnevik med eit fornøgd smil.

Attraktivt øysamfunn

Bjørnevik ser mange fleire fordelar med tunnelen enn dei som kan dokumenterast av kassaapparatet.  

– Det at det er blitt enkelt å koma seg til og frå øya, gjer at det er blitt noko meir interessant å bu her. Vi opplever det gledelege at ungdomar flyttar heim igjen til Halsnøy. Med fastlandstunnel går det heilt fint å bu på øya, same kor i kommunen ein har jobben sin. Arbeidsmarknaden er blitt større og felles med resten av Kvinnherad, noko som er ein god ting, hevdar Bjørnevik.

Han peikar òg på den fordelen det er for innbyggjarane å ha kort veg til mange tenestetilbod ein ikkje har på Halsnøy. For ikkje å snakka om den frie tilgangen øyfolket har fått til turterrenga i heile kommunen. Dessutan har han registrert at fleire turistar enn før finn vegen til Halsnøy-samfunnet.

Noko må skje

Bjørnevik og kona er blant dei som verkeleg har nytta seg av friluftslivet på fastlandssida.

– Om vinteren er vi ofte både i Tveitedalen og Fjellhaugen. Det er herleg å tenkja på at vi berre kan køyra av garde når vi har tid og lyst til det – utan å vera avhengig av ferjeruter. Alt i alt var det på høg tid at kommunen vart bunden saman med ein tunnel. Det einaste vi manglar no er kortare ferjereise med høg frekvens til Stord. Ferja bør gå frå Klosterneset, seier han om den saka.

– Få med at eg likar godt å bli stoppa av vegarbeid når eg er ute og køyrer.

– ?

–  Det betyr jo at noko skjer!

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags