– Folk klagar meir enn nødvendig på Halsnøy sin vegstandard

Kjøpmann Sverre Bjørnevik meiner gratis tunnel opnar for utvikling og vekst.

Kjøpmann Sverre Bjørnevik meiner gratis tunnel opnar for utvikling og vekst. Foto:

Kjøpmann Sverre Bjørnevik på Sæbøvik ønskjer utviklinga som følgje av bompengefritt samband til og frå Halsnøy velkomen.

DEL


– Eg er sikker på at det følgjer utvikling og vekst med gratis tunnel, så dette er berre velstand og til å gleda seg stort over, seier kjøpmannen hos Spar Sæbøvik.

Han utdjupar med at tunnelen no vert eit viktig lokalsamband som knyter kommunen betre saman.

– Mykje positivt følgjer med at ein no lettare kan køyra begge vegar gjennom tunnelen. Tunnelen er bygt for akkurat det og for gjennomkøyring til og frå ferja på Ranavik.

– Apropos ferja, bør ikkje den gå frå Sunde etter dette?

– Ferjestrekninga må vera så kort som mogleg. Derfor må den vera på Ranavik. Diskusjonen om ferja er lang, så den får vi ta ein annan gong, kommenterer den travle kjøpmannen.

– Kva med vegane, er dei gode nok til å ta imot auka trafikk?

– Vegane vil bli utbetra etter kvart. Dei er no elles ikkje så verst i dag heller. Folk klagar meir enn nødvendig på vegstandarden, meiner Bjørnevik.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags