Tre av ungdommane er alvorleg skadde

Her ser du korleis bilen hamna over i feil køyrebane før den trefte tunnelveggen ved ei innkøyringslomme. Det er tydeleg merke etter bilen i fjellveggen til venstre i bildet. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Her ser du korleis bilen hamna over i feil køyrebane før den trefte tunnelveggen ved ei innkøyringslomme. Det er tydeleg merke etter bilen i fjellveggen til venstre i bildet. (Foto: Jonn Karl Sætre).

DEL

Ulukke i Halsnøytunnelen - seks personar skadde

Tre av dei skadde i ulukka i Halsnøytunnelen natt til fredag, har status som alvorleg skadde, melder ba.no.

Totalt tre helikopter vart rekvirerte i samband med ulukka. To av personane i bilen vart send med luftambulanse til Haukeland, medan tre vart sendt til Haukeland med Sea King-helikopter. Den siste vart sendt med ambulansebåt til Stord sjukehus.

Av dei fem som vart send til Haukeland, har tre av dei status som alvorleg skadde ifølgje Haukeland. Desse tre er unge menn på 19, 20 og 20 år. To menn på 22 og 20 er lettere skadde. Skadeomfanget er uvisst for den siste som vart sendt til Stord sjukehus, men truleg er det her snakk om lettare skader.

Bilen som dei seks personane køyrde i skal vera registrert for fem personar.

Tunnelen vart stengt for trafikk etter ulukka for tekniske undersøkingar, men vart opna igjen i 04-tida.

– Det er teke oppmålingar i tunnelen, og bilen er sikra. Så vil vi etterkvart få avhøyrt førar og passasjerar for å få greie på kva som har skjedd, seier Lars Geitle i politiet.

Bilen var på veg frå Halsnøy til fastlandet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags