Byggjeleiar Johannes Øydvin i Statens vegvesen opplyser det er lysarmaturane i tunneltaket som blir skifta ut, og skal utstyrast med LED-pærer.

– Det blir litt betre lys, men ikkje store endringa. Hovudårsaka til utskiftinga er at vi har hatt ein del feil med dei gamle armaturane.

Arbeidet føregår måndag til onsdag på dagtid, og skal halda fram til nær 1. desember.

– Så langt har det gått greitt og vi vil truleg vera i mål før 1. desember, seier Øydvin.