– Vi følgjer med på trendar, men vil samtidig bevara tradisjonane

Ny messe: Kvinnherad Husflidslag arrangerer ny husflidmesse. Her frå ein strikkekafé på Gry Helge's i 2016. Fv: Inger Naterstad, Anne Marie Hamre, Rita Larsen, Vigdis Bøyum og Rose Rosenbäck Nesse.Arkivfoto

Ny messe: Kvinnherad Husflidslag arrangerer ny husflidmesse. Her frå ein strikkekafé på Gry Helge's i 2016. Fv: Inger Naterstad, Anne Marie Hamre, Rita Larsen, Vigdis Bøyum og Rose Rosenbäck Nesse.Arkivfoto

Laurdag arrangerer Kvinnherad Husflids-lag ny salsmesse på Husnes, denne gongen i Triohuset. Og dét er ikkje det einaste laget vil arrangera i tida som kjem!

DEL

20 utstillarar har meldt seg til årets messe, og skal visa fram alt frå strikka produkt, lappeteknikk, nunofilt (toving med ull og silke), tekstil-, glas- og brukskunst, til barneklede, lefser og syltetøy – for å nemna noko. Utstillarane er frå Kvinnherad, Bergen, Sagvåg og Etne. Det blir i tillegg lotteri og kafé med bakst og kaffi på messa.

– Husflid er kanskje eit litt negativt ord for mange, men det er langt frå keisamt! Handarbeid er avslappande og får tankane over på noko anna, og så gir det meistringskjensle å laga noko fint. Det kan vera kjekt å driva med på eiga hand, men det kan òg vera sosialt og kjekt viss du gjer det saman med andre. Det er kjekt å sjå kva andre lagar, fortel Inger Naterstad i husflidslaget.

Juleverkstad

Ho trur aldri handarbeid vil døy ut:

– For 10-15 år sidan frykta vi at strikking var på veg ut, men no er det jo i vinden som aldri før. Å laga ting sjølv eller sy om ting ein allereie har, er miljøvennleg, og fleire og fleire er opptekne av å ikkje bidra til bruk-og-kast-samfunnet. Det kjem alltid nye trendar, fargar og mønster å følgja med på, og samtidig må vi halda ved like gamle tradisjonar så dei ikkje forsvinn, fortel Naterstad, og legg til at det å læra opp nye generasjonar er eit satsingsområde for Norges husflidslag.

– Derfor skal vi blant anna ha juleverkstad for born og unge i Rohuset på Husnes 23. november. Unge likar å halda på med kreativt arbeid dei òg, og eg har inntrykk av at det minkar på skulane sitt budsjett når det kjem til innkjøp av materiale og slikt. Eg trur det kan vera bra for born og unge å få ei avkopling frå data- eller mobilskjermen.

Kurs

Nett no har husflidslaget 32 medlemmar. Fleire av desse skal stilla ut arbeidet sitt på messa.

– Folk kan kjøpa heimelaga julegåver, henta inspirasjon og få vita meir om husflidslaget. Kanskje kan vi òg verva nokre nye medlemmar?

Husflidslaget lagar til strikkekafé på Gry Helge's nokre gonger i året, og i tillegg har medlemmane studieringar utan lærar, der dei møtest og lærer opp kvarandre. Laget har éin studiering for saum og lappeteknikk annakvar veke, og etter eit kurs i kvitsaum for bunadsskjorter og forkle starta ein studiering også for dette.

– Vi prøver å få til kurs innimellom. Det blir eit nytt kurs med saum av barneklede i november, som vi tidlegare har hatt stor suksess med. Vi håpar fleire vil vera med oss, for vi har det veldig kjekt i lag!


Artikkeltags