No kan ungdommane på US bryta handbak på proft utstyr

Av

I helga kom Hardanger Handbak Klubb til Kvinnherad ungdomssenter og sette opp to profesjonelle handbak-bord.

DEL

Kvinnherad ungdomssenter har fått eit nytt tilbod. Laurdag kom nemleg Erling Midttun og Kai Inge Melgård frå handbak-klubben i Odda og monterte to handbak-bord i det nyoppussa rommet i lokala til ungdomssenteret på Husnes.

Medlemmar frå klubben kjem tilbake på besøk fredag den 14. februar for å demonstrera korleis utstyret skal brukast, og for å knyta nye band mellom unge utøvarar av sporten frå heile Hardanger og potensielle utøvarar frå Kvinnherad. Foreldre er også velkomne til ungdomssenteret denne fredagen.

Hardanger Handbak Klubb har medlemmar frå 15 år og oppover. Miljøet er medlem av ADNO, Antidoping Norge, og er underlagt strenge etiske reglar. Kvinnherad Ungdomssenter får låna utstyr, og får kompetanse og hjelp frå Hardanger Handbak Klubb i ein periode framover mot storsatsinga i Odda 14. mars: Under spelfestivalen i Odda vert det nemleg både hardangermeisterskap, noregscup og besøk frå handbak-stjerna John Brzenk frå USA.

Foreldre og ungdomar frå Kvinnherad Ungdomssenter er invitert til dette arrangementet, og dagen etterpå vert det mogleg å møta Brzenk under ei lokal trening i Odda.

Det blir spennande sjå om handbak-borda på US vert nytta, og om det vert eit miljø ut av det på lengre sikt. Uansett er det mykje lokal energi som treng å få utløp US, så desse borda vert kanskje eit populært tilbod i staden for benker og bord i lokala ein har nytta fram til no.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags