– Hovudgrunnen til at vi vil støtta Tina Abdulla med 10.000 kroner er at ho er usedvanleg talentfull og har etablert seg på det norske juniorlandslaget, seier banksjef Synnøve Handeland.
17-åringen som i dag spelar i 1. divisjon for Viking i Bergen og går på handball-linja ved toppidrettsgymnaset på Tertnes, har hatt stor framgang det siste året. Det er ikkje første gong ho får pengestøtte frå det lokale næringslivet.
Vi er ein del av det spleiselaget. Dette er eit eingongsstipend, og ein ekstra gest til Tina for at ho skal få oppfylt draumane sine, seier Handeland.
Ho meiner Kvinnherad Handballklubb har gjort ein god jobb med å utvikla talent.
– Tina kan vera eit førebilde for andre lokale spelarar. Ho har vist at det nyttar å jobba målmedvite, seier Handeland.
Glad for støtte
Tina Abdulla er svært glad og takknemleg for den støtta ho har fått frå det lokale næringslivet.
– Utan den støtta hadde eg aldri klart å nå så langt som eg har gjort. Eg hadde ikkje hatt råd til å gå på skule i Bergen dersom det ikkje hadde vore for den økonomiske hjelpa eg har fått, seier Tina.
Ho smiler frå øyre til øyre då Synnøve Handeland hentar fram sjekken på 10.000 kroner i lokala til SpareBank1-SR-Bank på Husnes. Det er ei fin oppmuntring i ei tid som har vore litt tung for Tina. Under ein kamp i Fredrikstad fekk ho avrive eit leddband i albogen. Det førde til fleire veker utan trening.
– Heldigvis slapp eg operasjon. Det gjer at eg kan byrja å trena igjen om kort tid, seier den optimistiske handballspelaren.
Når ho er frisk og rask, trenar ho kvar dag, i tillegg til å spela kampar. For kort tid sidan tilbaud Viking Tina ein toårskontrakt. Men etter råd frå Tertnes-trenar og juniorlandslagstrenar Tore Johannessen, takka ho nei til det tilbodet.
– Eg kunne sagt ja til ein eittårskontrakt, men ville ikkje binda meg for to år, seier Tina.
Ho legg ikkje skjul på at det er eliteseriespel med Tertnes som er målet hennar. 17-åringen som er blant dei yngste spelarane på juniorlandslaget, spelte fleire gode kampar under EM for juniorar i Spania tidlegare i år.
Tina får ros frå bankleiinga for at ho tek seg tid til å koma heim og delta som instruktør på Kvinnherad Handballklubb sine handballskular.
– Eg set pris på å bli spurd, og det er veldig kjekt å få bidra med noko til klubben. Utan Kvinnherad Handballklubb, hadde eg ikkje vore der eg er i dag, rosar Tina Abdulla.