Håpar på full tribune og heiarop

På laurdag kan du ta turen for å sjå denne blide gjengen i aksjon når dei skal spela serierunde fire av Gullserien i Husneshallen. (Arkivfoto).

På laurdag kan du ta turen for å sjå denne blide gjengen i aksjon når dei skal spela serierunde fire av Gullserien i Husneshallen. (Arkivfoto).

Til helga skal Kvinnherad handballklubb sitt Foreina-lag spela handballkampar i Husneshallen. Dei håpar mange vil sitja på tribunen og heia dei fram.

DEL

Kvinnherad Foreina sitt lag for funksjonshemma speler i «Gullserien» til Norges Handballforbund i Region Vest, og til helga går serierunde fire i sesongen 2018/2019 av stabelen. Då kjem lag frå Askøy, Fana, Sotra og Stord for å spela kampar i Husneshallen, og spelarane på Kvinnherad sitt lag gler seg storleg.

– Det er så kjekt å spela handball, både å scora mål og få trening, seier Eirik Nordal på laget.

Han oppmodar alle som kan om å komma å sjå på når Kvinnherad Foreina møter Sotra og Stord til kamp på laurdag.

– Av dei to er Sotra det sterkaste laget vi møter, men vi skal prøva å slå dei òg. Det hjelper med godt heimepublikum! blunkar Eirik.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags