40 ungar brukte delar av vinterferien på handballskule

40 ungar i alderen 6 til 11 år hadde aktive vinterferiedagar i Husneshallen. Her øver dei på forsvar og angrep.

40 ungar i alderen 6 til 11 år hadde aktive vinterferiedagar i Husneshallen. Her øver dei på forsvar og angrep.

Artikkelen er over 1 år gammel

Over tre dagar var heile 40 ungar med på handballskule i Husneshallen denne vinterferieveka.

DEL

Måndag, tysdag og onsdag var Husneshallen fylt med energiske og spreke ungar i alderen 6 til 11 år. I staden for å sitja heime i vinterferie deltok dei på Kvinnherad handballklubb og Rema 1000 sin handballskule, der dei fekk spela handball, læra ulike teknikkar og leika saman.

– Eg synest det er kjekkast når vi får spela kamp, sa Alva Nyrud Uppheim (10) frå Raudstein til Kvinnheringen då vi var innom den siste dagen.

Dei flinke instruktørane som heldt kontroll på dei ivrige ungane, var Tuva Kaldestad Gjerde, Renate Kvandal Myklebust, Kristiane Olderkjær og Lea Sofie Dalland. Alle som var med på handballskulen fekk t-skjorte, handball, lunsj og diplom inkludert i prisen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags