Tøffe skot og mykje moro

Emilie Fure Wälsjö (7) er av dei som har jobba med skot og teknikkar på handballskulen i dag, onsdag.

Emilie Fure Wälsjö (7) er av dei som har jobba med skot og teknikkar på handballskulen i dag, onsdag.

Artikkelen er over 2 år gammel

Ein gjeng skuleungar brukar litt av vinterferien til å øva på velplasserte handballskot og nye teknikkar.

DEL

I dag, onsdag, og i morgon, torsdag, arrangerar Kvinnherad handballklubb handballskule for skulebarn. I dag var det 1. - 3.-klassingar som var samla i Husneshallen til handballspel, i morgon er det 4. og 5.-klassingar som skal spela. På programmet står sjølvsagt teknikkar, spel og skot på mål, men òg litt leik og kos.

– Eg spelar handball til vanleg, og eg synest det er veldig gøy. Difor er det kjekt å vera med på handballskule, fortalde Lotta Nilsen Mathisen (6) då Kvinnheringen var innom i føremiddag.

Venninna Åshild Kolle (6) var samd:

– Handball er kjempegøy, gliste ho.

– Er handball vanskeleg?

– Nei, ikkje så veldig. Kanskje litt då. Men ein må berre øva, fortalde dei to venninnene.

Ungane blei trena av handballungdomane Ida H. Bruvik, Oda Gertz og Mathilde Lillesand, og dette var dei godt nøgde med.

– Dei er veldig flinke og greie, kunne ungane fortelja.

– Er det kjekt med vinterferie?

– Litt. Det er i alle fall veldig kjekt å vera på handballskule, meinte Gaute Svendsen Andreassen (8).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags