Då var jula komen til Husnes

Nissen er alltid populær, spesielt når han har med seg gratis snopeposar til alle!

Nissen er alltid populær, spesielt når han har med seg gratis snopeposar til alle!

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Fredag ettermiddag var det tid for julegateopning på Husnes storsenter. Der var det flust i folk som vanleg, og senteret var pynta med lys, eit stort juletre, og eigen stol til nissen – sjølvsagt. Folk kunne få gratis julegraut, og høyra vakker song frå Celina Prestnes Ersland (15). Ho hadde med seg veslesøster Emely (10), som song med ho på den første songen "Tenke på en venn" frå Jul i svingen. Etterpå spelte Celina piano og song vakre "Home for Christmas" av Maria Mena og "House of the Rising Sun". Celina har ei utruleg flott stemme, og vi er samde med teorien til senterleiar Geir Jakobsen som sa at vi truleg får høyra mykje meir av ho framover!
Etterpå stimla ungar saman for å få snopeposar av sjølvaste julenissen og dei herlege hjelparane hans.
 

I tillegg til julegateopning var det såkalla "Black Friday" på senteret, eit amerikansk fenomen som no har nådd Norge. Denne årlege handledagen er tradisjonelt starten på julehandelen, og er alltid dagen etter den amerikanske høgtida Thanksgiving. Det betyr tilbod i butikkane, og mange såg ut til å nytta seg av dette. Det var også gratis frukost tidleg på dagen, og dei tilsette på butikkane vi spurde fortalde at det hadde vore ein jamn straum av handlande heile dagen.

Vi møtte på bestevenninnene Silje Kjelle Danilov (10) og Hanna Jonassen Lemicka (10) som koste seg på senteret denne ettermiddagen. Dei nytta blant anna høvet til å kjøpa snop og ta ein "selfie" i nissen sin stol.

– Kva gler de dykk mest til med jula?

– All den gode maten! svara dei i kor.

Artikkeltags