Handeland bru blir snart både finare og tryggare

Roald Rusten og Byggservice AS er godt i gang med å gi Handeland bru eit solid ansiktsløft.

Roald Rusten og Byggservice AS er godt i gang med å gi Handeland bru eit solid ansiktsløft.

Byggservice AS er godt i gang med oppgraderinga av Handeland bru.

DEL

Som tidlegare omtalt har Byggservice AS på Sandvoll fått jobben med å oppgradera Handeland bru. Arbeidet starta for nokre veker sidan, og dagleg leiar Fred Nilsen fortel at dei reknar med å vera ferdig om ein månads tid.

– Vi skal fjerna autovernet som er der i dag og byta det ut med ein flott smijernsrekkverk, slik at utsjånaden til brua blir flottare og meir i tråd med originalen. I tillegg skal vi laga ein større svingradius, slik at større bilar som kjem inn svingen frå Valen skal sleppa å koma borti brua med bakpartiet, forklarer Nilsen.

På toppen av det heile har ein grunneigar vald å fella ein god del tre som tidlegare har blokkert sikta mot brua når ein kjem frå Valen.

– Møtande bilar såg ofte ikkje kvarandre før dei var heilt nære, og det har oppstått mange situasjonar der bilar har måtta rygga tilbake på grunn av dette. Men etter at trea blei fjerna har sikten mot brua blitt mykje betre, noko som gjer trafikksituasjonen tryggare. Og som ein bonus vil ein no få sjå den flotte brua mykje betre når ein kjem mot Sandvoll, sluttar Nilsen.

Artikkeltags