Høgtidleg bruopning på Handeland

Audhild Rosnes har fått ny bru inn til eigedomen sin. Laurdag erklærte ho den for opna.

DEL

Det var høgtidsstemning på Handeland då Audhild Rosnes, kledd i bunad for høvet, hadde invitert familie, venner og naboar på offisiell opning av den nye brua inn til eigedomen sin. Kjell Tore Holmedal, ingeniøren bak brua, og Herlaug Skjelnes, som har utført betongarbeidet, var også til stades.

– Endeleg er den nye brua klar! No kan me få over våre eigne køyretøy, i tillegg til at både brannvesen og ambulanse kan koma seg fram om det skulle vera naudsynt. Det er fint å sleppa utryggleiken vi følte på med den gamle brua, sa Håvard Rosnes, sonen til Audhild.

Også Audhild var svært nøgd med den nye brua, trass i at den er ganske mykje større enn den gamle.

– Eg kalla den ei stund for monsterbrua, for eg syntest den var så dominerande og fæl. No synest eg den er eit kunstverk, smilte ho.

Det var far til Audhild som hadde bygd den gamle brua i 1966. Når elva var stor fløymde den over. Det er det heldigvis ingen fare for med den nye brua, då NVE har vore på synfaring og tilrådd både plassering og storleik.

Audhild takka sine tålmodige naboar, og gav blome til Herlaug Skjelnes frå G & H Skjelnes Entreprenør og Kjell Tore Holmedal frå Holmedal Maskin. Holmedal takka også for samarbeidet, og gav Audhild eit flott bilde i gåve.

Etter at barnebarnet Tuva Rosnes (16) hadde klipt snora, erklærte Audhild brua for opna. Dette vart feira med rømmegraut og kake i hagen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags