Handlingsdelen for oppvekstkårplanen nærmar seg ferdigstilling – ser på alternativ med å halvera talet skular

Vil føreslå å tenkja heilt nytt og moderne om barnehage- og skulekvardagen, samt fritida, til barn og unge i Kvinnherad: Sentralt plasserte barnehagar og skular med nærleik til idrettshall og symjehall, og skulebygg fasiliterte for heildagsskule.