«Dersom Framstegspartiet sitt syn og forslag i saka hadde fått vera gjeldande, hadde me aldri fått den kjærkomne tunellen som binder kommunen og regionen vår saman»

Av
DEL

MEININGARTorsdag vil bli ein merkedag i samferdslesoga i vår kommune. Å køyra gjennom Halsnøytunellen vil bli gratis. Dette er utan tvil ei glede for innbyggarane, næringslivet, kommunen og regionen som heilskap.

20. november 2003 handsama Stortinget bompengesøknaden, som del av finansieringa av prosjektet. Dåverande Stortingsrepresentant Øyvind Halleraker frå Høgre uttala så flott: «Dette er en stor dag for folk på Halsnøy! Det er en stor dag for Kvinnherad kommune, ja, det er en stor dag for Sunnhordland og hele Sør-Vestlandet.»

Det var brei politisk semje i Stortinget. Men eitt parti peika seg ut. Framstegspartiet røysta imot søknaden, som skulle gje Halsnøy, Kvinnherad, Sunnhordland og heile Sør-Vestlandet, den tunellen som me alle ser gleda av i dag. Fleire av stortingsrepresentantane påpeikte dette ovanfor Framstegspartiet i fleire av innlegga frå Stortinget sin talarstol. Dersom Framstegspartiet sitt syn og forslag i saka hadde fått vera gjeldande, hadde me aldri fått den kjærkomne tunellen som binder kommunen og regionen vår saman.

Trass i dette – Framstegspartiet stod på sitt. Dei røysta aktivt imot ei realisering og finansiering av Halsnøytunnelen. Paradoksalt nok er det statsråd Siv Jensen og Jon Georg Dale frå Framstegspartiet som kjem til Halsnøy for å «riva» bomstasjonen på Tofte. Hadde dette partiet fått regjert attende i 2003, hadde nok aldri Halsnøytunellen vore ein realitet i dag.

Til bompengefesten på torsdag, er verken Kvinnherad kommune, Stord kommune eller Hordaland fylkeskommune invitert. Lite verdig av eit regjeringsapparat å utelukka desse partane, då desse i fellesskap var med som vesentlege bidragsytarar, pådrivarar og dagens vegeigar.

Ei heller dei politiske partia som tok del i Stortinget si behandling i 2003 og la grunnlaget for finansieringa av tunellen, og no før sumaren som var med på å vedta sluttfinansiering gjennom å avslutta bompengeinnkrevinga, får sitt rettferdige takk. Dei har alle bidrege i positiv forstand, i motsetnad til Framstegspartiet, som tok avstand til finansieringa av Halsnøytunellen i Stortinget.

Eg vil nytta høvet og takka alle bilistar for den dugnaden og det økonomiske bidraget ein har gitt for realiseringa av Halsnøytunellen. Utan dykk hadde aldri dette prosjektet vore ein realitet. Bompengefesten som regjeringspartia skal ha på torsdag er til ære for Dykk!

Hans Inge Myrvold

Senterpartiet

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags