Gå til sidens hovedinnhold

Har bestemt at politiske møte skal vera digitale

Ordføraren har vedteke at alle møte i politiske råd og utval i veke 46 og 47 skal gjennomførast digitalt.

Dette har bakgrunn i gjeldande smittesituasjon knytt til covid-19 i Kvinnherad kommune, melder kommunen på sine nettsider.

– Vi håpar at dette, saman med andre tiltak og anbefalingar som er iverksett, er med på å førebyggja for eventuelt vidare smitteutbrot. Dei nærmaste dagane og vekene vil gje oss ei betre oversikt, står det å lesa.

Ny vurdering knytt til avvikling av politiske møter vert gjort i slutten av veke 47.

Bakgrunnen for ordføraren si avgjersle er at Kvinnherad kommunestyre har handsama eit nytt tilleggspunkt i politisk reglement – «Reglement for dei politiske organa i Kvinnherad kommune 2019-2023». Dette nye punktet har følgande ordlyd:

«19. Fjernmøte
Folkevalde organ i Kvinnherad kommune kan i særskilde tilfelle halda møta sine som fjernmøte med heimel i kommunelova § 11-7.
Avgjersla om å halda eit møte som fjernmøte skal takast av ordførar i samråd med utvalsleiar og kommunedirektør».

Dette vedtaket vart handsama av Kvinnherad kommunestyre tysdag 10. november, med skriftleg handsaming som hastesak etter Kommunelova § 11-8.

Alle møte vil bli kringkasta via Kommune-TV, slik at ålmenta har tilgang på, og kan følgja med på behandlinga av alle saker i denne perioden, men det vert ikkje gjort opptak.

Torsdag er det formannskapsmøte frå klokka 10.

Kommentarer til denne saken