– I dag har sentralbordet og økonomikontoret i Kvinnherad kommune vorte kontakta av svært mange innbyggjarar som har motteke krav om «ubetalt skatt» på eigedomsskatt. Avsendar er skatteetaten.no, frå ei falsk e post adresse, skriv Gunn Berit Sandnes Fosse, leiar for administrasjonen i kommunen, i ei pressemelding.

Ho skriv vidare at Kvinnherad kommune ber innbyggjarane vera ekstra merksame og ikkje trykkja på lenka i den falske e-posten, for den kjem absolutt ikkje frå kommunen:

– Når kommunen sender ut krav om eigedomsskatt er denne på same faktura som resten av dei kommunale avgiftene.