Gå til sidens hovedinnhold

Har du ikkje røysta endå? Her finn du info om kor og når du kan røysta i dag og på valdagen

Fredag var den siste dagen ein kunne førehandsrøysta ved årets stortingsval, og då meldte Kvinnherad kommune at rundt 4.511 innbyggjarar hadde nytta seg av denne moglegheita.

Har du ikkje røysta endå, har du to alternativ:

Du kan røysta i dag (søndag), anten ved Kulturhuset på Husnes eller i gymsalen i Rosendal, mellom klokka 12 og 16.

Du kan òg røysta på sjølve valdagen, som er i morgon, måndag 13. september, ved ein av desse stadene:

Hatlestrand i gymsalen mellom klokka 10 og 19

Rosendal i gymsalen mellom klokka 10 og 19

Husnes på kulturhuset mellom klokka 10 og 19

Halsnøy på Øytaun skule mellom klokka 10 og 19

På valkortet ditt står det kva for røystekrins du høyrer til, men du kan røysta i vallokalet du sjølv ønskjer.

Hugs å ta med deg legitimasjon, og ha gjerne med valkort.

Og ps: Viss du ikkje har bestemt deg kan du prøva veljarhjelpa vår her.

Godt val!


Les også

Inviterer til valvake på Bar-On i Rosendal

Kommentarer til denne saken