– Eg var på topptur til Gygrastol i Kvinnherad 25. mars. Då forsvann min flotte turkompis Lillebror på ryggen cirka 20 minutt før toppen, skriv Tor Einar Tveit i e-post til Kvinnheringen.

Hunden er ein Border Collie-hann og den har fargane svart, kvit og brun. Den hadde på seg ein oransje sele då den forsvann.

Eigaren har vore i området og leita i fleire dagar, seinast torsdag 3. mars utan resultat. Eigaren håpar at hunden har teke seg ned til folk.

Om du har opplysningar går det an å kontakta eigaren Tor Einar Tveit på tlf. 982 37 308.