Denne veka er det stordugnad i Hardangerfjorden, med mål om å fjerna mest mogleg plast og bos frå fjorden. Aksjonsdagen er i dag, torsdag 15. september.

Det er Stiftinga Framtidshavet, Hardangerrådet IKS og Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS som står bak initiativet, og 12 kommunar er representerte i prosjektet, blant anna Kvinnherad.

Nyleg gjekk ordførar Hilde Enstad ut og oppmoda kommunestyremedlemmane om å ta del i ryddeaksjonen.

Har du vore med på ryddinga eller den store festen i etterkant? Då vil vi gjerne ha bilde av deg! Vi ønskjer å samla alle ryddebilda i ein eigen bildeserie for å visa engasjementet til kvinnheringane.

Send bilde til redaksjon@kvinnheringen.no, og beskriv gjerne kva ein ser på bilda og kor det er tatt.