Har fått opp søkjartala etter fjorårets store nedgang

– Eg tenkjer at vi generelt sett har ganske gode søkjartal dette året, med ei jamn og fin fordeling mellom linjene, seier ein nøgd Audun Bjelland ved KVV.

– Eg tenkjer at vi generelt sett har ganske gode søkjartal dette året, med ei jamn og fin fordeling mellom linjene, seier ein nøgd Audun Bjelland ved KVV. Foto:

I år er det 392 elevar som har KVV som førsteval på søkjarlista si.

DEL


Ved oppstart av skuleåret i 2019 hadde KVV eit elevtal på 373.

– I fjor hadde vi dei lågaste søkjartala vi har sett på lengje, grunna eit veldig lite avgangskull frå ungdomsskulen. I år er avgangskullet stort, noko som gjenspeilar seg godt, forklarar rektor ved KVV, Audun Bjelland.

Søkjartalet er utgangspunktet før klassesaka skal handsamast politisk på fylkesnivå, men det gir, ifølgje rektoren, ein god indikasjon på det komande skuleåret.

– No er det opp til fylket å avgjera kor mange klassar som skal vera på dei ulike nivåa, og innanfor dei ulike fagområda. Dette vil kkje vera klart før i mai. Vidare skal tilbod om plass sendast ut til elevane i juni, og fram til siste opptak kan mykje skje. Først når alt dette er klart, har me dei reelle tala for inntak, forklarar han.

Auke innan studiespesialiserande igjen

I fjor hadde KVV 42 søkjarar på studiespesialiserande vg1, medan det kom inn 65 søkjarar på 60 plassar til det komande skuleåret.

– Generelt viser det store kullet seg på heile vg1, men spesielt på studeispesialiserande, som i år har eit auke på 23 søkjarar mot året før. Dette gjer eit betre grunnlag for dei komande åra, for dei fleste som startar på denne rettninga på KVV, blir alle tre åra, forklarar rektoren, som legg til at kjønnsfordelinga på fagområdet er nærmast heilt jamnt.

Men det er ikkje berre studiespesialiserande som har vore populært blant ungdommen i år. Også elektro har hatt eit kraftig oppsving. Rettninga, som til vanleg er på éin klasse, har i år grunnlag for to. Det er meir enn skulen har sett på mange år.

Samstundes kan det, for elektro VG2, sjå ut til at søkjartala er for låge. Dermed må desse elevane søkja seg til andre skular.

– Det ligg føre i saka at elenergi (fagretning innan elektro vg2 red.anm) skal takast bort det komande skuleåret. Det er klart at dette er kjedeleg for dei elevane som hadde dette som førsteval, og som dermed må reisa til andre skular. Men med gode søkjartal for vg1 i år, vil dette tilbode koma tilbake til neste år, forklarar Bjalland.

I fjor kunne KVV melda om rekordmange søkjarar til teknikk og industriell produksjons-linja (TIP). Heile 42 mot 28 året før. Doblinga i søkjartalet resulterte i at KVV derfor fekk tre førsteklassar på denne linja. Også i år har retninga vore populær, med akkurat like mange søkjarar som året før.

For både bygg, TIP og elektro kan Bjelland fortelja at det stadig fleire jenter som søkjer seg denne retninga.

– Framleis er det slik at brorparten er gutar på denne type yrkesfag, medan det er mest jenter på helse- og oppvekstfaga, men det har vore eit auke i tal jenter som søkjer seg til bygg og elektro, men spesielt til TIP, som blir stadig meir populært blant jentene, forklarar han.

Store svingningar

For skuleåret 2019/2020 hadde byggfag unormalt høge søkjartal. I år har det nærast halvvert igjen.

– Vi hadde faktisk to klassar for førsteåret på denne linja i fjor. I år har vi fått inn 14 søknadar, mot 22 året før, informerer Bjelland.

Innstillinga til politisk handsaming er no at éin av desse klassane skal utgå.

For helse- og oppvekstlinja er det derimot motsatt.

– I fjor måtte vi redusera dette tilbodet med éin klasse, i år er det igjen grunnlag for to klassar.

Men sidan tala for denne linja var låge i fjor, blei dermed søkjartala på dei to rettningane, barne- og ungdom vg2 og helsefagarbeidar vg2, låge i år.

– Vi klarte akkurat å berga oss dette året, og istaden for at tilbodet blir heilt vekke, er det innstilt at vi berre skal ha ein halv klasse innan kvar fagretning. Dette vil ikkje få særleg betydning for elevane reint praktisk, men ein må sjå på løysingar med å til dømes slå saman enkelte fag, forklarar rektoren, og legg til:

– Vi er veldig sårbare for svingningar. Sidan Kvinnherad er lite og KVV sine vg1-søkjartal i svært låg grad innheld elevar frå andre kommunar, men i størst grad lokal ungdom, blir vi ekstra utsett for til dømes små kull.

Kva trur du det er som forårsakar dei store svingningane i kva ungdommen veljer å søkja seg inn på frå år til år?

– Veldig ofte kan ein sjå like tendensar i heile landet, og iallfall i regionen. Både korleis faga blir snakka om i media, jobbmoglegheiter og den slags spelar nok inn på valet. Men igjen så har jo til dømes bygg vore inne i ein god periode, og arbeidsmarknaden der har ikkje endra seg i noko særleg grad, så det er nok komplekse forklaringar på kva som styrar ungdommen inn på dei ulike rettningane, og som skapar desse trendane. Så handlar det sjølvsagt mykje om interesse.

Stramare økonomi

Rektoren kan fortelja at dei økonomiske tidene i fylket har endra seg, og at det no skal mindre til før linjer blir tatt vekk.

– Før var det ofte lettare å få aksept for lågare søkjartal, fordi det lokalt har vore viktig at ein har tilbodet. Før kunne det til dømes vera greitt å gjenomføra elektro med seks elevar, berre fordi det var viktig for det lokale næringslivet. No ser ein at fylke må gjera strenge prioriteringar.

Men han fortel likevel at fylkeskommunen framleis er opptatt av distrikta.

– Det har vore stramme tider i fylket dei seinare åra. Det samla tilbodet skal vera innafor den økonomiske ramma, men eg synest fylket er flinke til å ta vare på distrikta, og framleis sjå kva behov lokalsamfunnet har.

Det har dei mellom anna gjort i år, ved å tilrå at det blir oppretta ein ekstra klasse på vg1 elektrofag for å gi tilbod til elevane på venteliste og sikra rekrutteringsgrunnlaget for vg2 og arbeidslivet sitt behov for kompetanse.

Eitt av faga som rektoren ikkje trur vil returnera til KVV med det første, er service og samferdsle.

– Slik som situasjonen er no, trur eg nok ikkje denne linja vil koma tilbake til KVV. Det har blitt gjort ein del strukturelle grep. Vi hadde til dømes service og samferdsle vg2 berre annakvart år her på skulen, og byta med andre skular i distriktet. Det blir fort litt for spreidd og ulogisk, dermed er alle desse tilboda no samla på Stord, forklarar han.

Sjølv om rektoren aller helst skulle sett at skulen hadde eit tilbod til alle, seier han seg nøgd med dei gode søkjartala i år.

– Eg tenkjer at vi generelt sett har ganske gode søkjartal dette året, med ei jamn og fin fordeling mellom linjene.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags