Har fått tips om rømd oppdrettslaks i Kvinnherad

Illustrasjonsfoto: Galyna Andrushko/Colourbox

Illustrasjonsfoto: Galyna Andrushko/Colourbox

Fiskeridirektoratet har fått fleire tips om rømd oppdrettslaks i Kvinnherad, og ønskjer tips om fangst og observasjonar av slik fisk i området.

DEL

Ifølgje meldingane dreier det seg om laks på om lag éin kilo.

Fiskeridirektoratet er ikkje kjent med at det har vore nokon rømmingar i området, og har tatt kontakt med aktuelle oppdrettsselskap.

Så langt er det ikkje grunnlag for å fastslå kor mykje fisk som kan ha rømd, og for å få eit betre bilde av omfang og spreiing ønskjer Fiskeridirektoratet fleire tips frå publikum.

Direktoratet ønskjer også bilde av eventuelle fangstar.

Tips kan meldast inn til FMC – Fiskeridirektoratets døgnåpne vaktsentral her.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken