Gå til sidens hovedinnhold

Har opna vegen igjen

Vegtrafikksentralen Vest melde på Twitter torsdag kveld at Fv. 49 mellom Nordrepollen og Austrepollen ville bli stengt grunna fare for ras.

Vegen blei stengt ved Austrepollen i retning mot Odda, og stenginga skjedde klokka 20 torsdag kveld.

Fredag morgon blei det gjort ei ny vurdering av strekningen, og Vegtrafikksentralen melde like før klokka 09 at vegen no var open igjen.

Også onsdag kveld måtte vegen stengast, men blei opna for ferdsel igjen i morgontimane torsdag.

Les også

Kommunen ber folk vera ekstra forsiktige: – Ikkje rydd sjølve

Les også

Løyvde to millionar til å planlegga skredsikring mellom Austrepollen og Nordrepollen

Kommentarer til denne saken