Har påvist nytt tilfelle av korona-smitte i Kvinnherad

26. mai er det påvist eit nytt tilfelle av korona-smitte i Kvinnherad, opplyser kommuneoverlege Glenn André Opland.

26. mai er det påvist eit nytt tilfelle av korona-smitte i Kvinnherad, opplyser kommuneoverlege Glenn André Opland. Foto:

Kvinnherad kommune melde tysdag at det er påvist eit nytt tilfelle av koronasmitte i Kvinnherad.

DEL


Kommuneoverlege Glenn A. Opland opplyser at smittesporing er gjort.

– Det eg kan seia, er at den smitta er ein ung person. Det er gjort smittesporing i samarbeid med kommunelegar i nabokommunar, seier Opland.

– Er det eit dårleg teikn at vi får nye tilfelle her no?

– Ja, det er ikkje eit godt teikn. Vi har jo vore klar over at det kan koma einskilde oppblømingar, og det at vi no får det viser at det framleis er grunn til å vera engesteleg for dette viruset. Nok ein gong må vi minna om at det å halda smittevernsreglane må takast på alvor. Hald avstand, ha god hand- og hostehygiene og ver heime når du er sjuk. Og det er lurt å tenkja seg godt om før ein går på fest, oppmodar kommuneoverlegen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken